Opna hovudmenyen

Anselm Feuerbach (12. september 18294. januar 1880) var ein tysk målar fødd i Speyer i Rheinland-Pfalz. Han vert i dag rekna som ein av dei fremste nyklassisistiske målarane i tysk kunstliv. Far hans, Joseph Feuerbach, var ein kjend arkeolog.

Anselm Feuerbach
Feuerbach Selbstbildnis 02.jpg
Sjølvportrett, 1878
Fødd 12. september 1829
Speyer
Død

4. januar 1880
Venezia

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar, universitetslærar

Liv og gjerningEndra

 
'Eventyrforteljaren ved brunnen', 1866

Feuerbach studerte i Düsseldorf 1845-47, München og Antwerpen, samt 1851-54 i Paris, der han var elev til Thomas Couture. Han måla i dei dagar både portrett, nakenbilete og dekorative bilete. Av dei større måleria hans frå den tid viser Hafez i vinstova (1852) avgjort påverknad frå Couture sin måte å måle på, medan den i år 1854 utførte Diktaren Pietro Aretinos død, med sine mange figurar og overflod av tema, minner om Hippolyte Delaroche.

I 1855 flytta Feuerbach til Italia, og budde i Roma frå 1857 til 1872. Der måla han romantiske og idylliske motiv som Ariostos hagar, Eventyrforteljaren ved brunnen, Leikande born, Badande born og Ei italiensk mor med borna sine. I Roma pleia Feuerbach nært vennskap med den sveitsiske målaren Arnold Böcklin, der dei to målarane gjensidig påverka kvarandre. Perioden 1873-76 var Feuerbach professor i Wien og måla i den perioden hovudverket Titanane sitt fall.

Feuerbach vart lite påakta, og knapt forstått i si samtid. Stilen hans stod i skarp og uforsonleg motsetnad til dei herskande straumdraga; både til den historiske realismen representert ved Carl von Piloty og elevane hans, og til den yppige og omfattande kolorismen til Hans Makart og det samtidige Wien-måleriet. Feuerbach sitt syn på antikken skilde seg også frå dei som kalla seg klassisistar. Han etterlikna ikkje dei antikke formene, men søkte den logna og jamvekta han såg i antikken. Kritikken klandra honom for det udramatiske innhaldet i verka hans, og ein sakna i bileta hans den germanske karakteren, ei kraft som det samtidige publikum også ville sjå i dei antikke motiva.

Han døydde i Venezia, 50 år gammal.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Anselm Feuerbach