Rullepølse eller rull er ein tradisjonell rett som ofte vert laga til jul. Han vert laga av kjøt frå dyresider. Ein kan lage okserull, kalverull, sauerull og lammerull. Rullepølse av sau eller lam vert ofte laga av slagside, sida bak ribbebeina, eller utbeina side. Lammesida vert brukt som det ytste laget i pølsa. Pølsa kan vere laga berre av samanrulla side, eller ein brukar ilegg, kjøt frå andre stader på dyret.

Rullepølser som er sydde og surra.
Foto: Andreas Vartdal
Oppskoren, kokt rullepølse

Når ein rullar saman kjøtstykka strør ein krydder mellom laga. Det vanlegaste er å bruke salt, pepar og ingefær. I oppskrifter vert det ofte rådd til å bruke gelatin. Kjøt frå unge dyr inneheld så mykje limstoff at gelatinen kan sløyfast. Sjølve rullen vert ofte sydd saman med sterk bomullstråd. Ein kan òg berre surre rullen med tråd eller ha han i nettingstrømpe. I meir industriell produksjon vert kjøtet lagd rett i form og kokt under press.

Før bruk må rullepølsa kokast. Den ferdigkokte pølsa vert lagd under svakt press, som bør auke etter som ho kolnar. Rullepølse er best å fryse når ho er rå.

Rullepølse vert no oftast brukt som pålegg. Tradisjonelt har ho og vorte brukt til middagsmat. Det har ikkje vore uvanleg med rullepølse som ein del av julemiddagen.

Kjelder endre

  • Ingrid Espelid Hovig: Den rutete kokeboken Gyldendal norsk forlag 1980
  • Ragna Kjørven og Ingrid Sandkleiva: Kokebok J.W.Cappelens Forlag 1963