Rune Øygard
norsk politikar
Rune Øygard (fødd 1959) var ordførar i Vågå frå 1995 til han fekk permisjon frå vervet 8. mai 2012. Øygard representerer Arbeidarpartiet. Ved valet i 2007 oppnådde Arbeidarpartiet ca. 70 % av stemmane i Vågå, og dermed vart Øygard gjenvalgt med stort fleirtal. Han vart av Kommunal Rapport sine lesarar kåra til Årets kommuneprofil i 2009.
Rune Øygard | |||
Fødd | 27. april 1959 (65 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Øygard vart i mars 2012 tiltalt for overgrep mot ei mindreårig jente,[1] og Øygard vart i Høgsterett 26. september 2013 dømd til to år og tre månaders fengsel for dette.[2]
Han er òg nynorskforkjempar og hev vore styreumbod i Landssamanslutninga av nynorskkommunar og generalsekretær i Noregs Bygdeungdomslag før han vart ordførar i Vågå.
Fotnotar
endre- ↑ http://www.vg.no/nyheter/innenriks/ordforersaken/artikkel.php?artid=10054573
- ↑ Høyesterett gir Rune Øygard historisk streng straff Arkivert 2013-09-28 ved Wayback Machine., Vårt Land 26. september 2013