Rune Bjerke

norsk næringslivsleiar og politikar

Rune Bjerke (fødd 17. juni 1960) er ein norsk næringslivsleiar og tidlegare arbeidarpartipolitikar.

Rune Bjerke

Rune Bjerke i 2009
Foto: Kjetil Ree
Fødd17. juni 1960 (64 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, bankier, samfunnsøkonom, gründer
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Harvard Kennedy School
Berg videregående skole
FarJuul Bjerke
EktefelleLibe Rieber-Mohn

Bjerke har eksamen i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo og ein mastergrad i Public Administration (MPA) frå Harvard University. Han har tidlegare vore finansbyråd i Oslo kommune, rådgjevar i Olje- og energidepartementet, direktør i Scancem og konsernsjef i Hafslund ASA.[1] Han tiltredde som konsernsjef i DnB NOR i 2007.[2]

Han er son av LO-økonom Juul Bjerke og bror til tidlegare miljøvernminister Siri Bjerke. Bjerke er gift med Libe Solberg Rieber-Mohn.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Rune Bjerke». Store norske leksikon. Henta 8. juli 2017. 
  2. «Konsernledelsen i DNB». DNB. Henta 8. juli 2017. 
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.