Treng oppdatering Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å oppdatere han.
Rune Bolseth (fødd 4. juli1980) er ein norsk fotballspelar frå Sandane i Sogn og Fjordane. Bolseth spela på midtbana til Sogndal fotball frå 1999, gjekk så til Hønefoss, men spelar no for Sogndal igjen. Bolseth sine styrkar på fotballbana er god fotballforståing og teknikk samt sin evne til å styre spelet. Rune Bolseth har tidlegare vunne Fair-Play prisen i Tippeligaen. Han er student ved sidan av å spele Adeccoliga-fotball for Sogndal. Trass i at Bolseth berre er 28 år har han rukke å spele godt over 300 kampar for klubben sin fordelt på ni sesongar. 50 mål på 341 kampar er også eit ganske høgt tal for å vere ein midtbanespelar.