Rune Brattsveen

Rune Brattsveen (fødd 5. april 1984) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Nordre Land som vann VM-gull og -sølv med Noreg i høvesvis 2012 og 2008.

Rune Brattsveen
Rune Brattsveen Trondheim2012.jpg
Fødd 5. april 1984 (36 år)
Dokka
Yrke skiskyttar, tømrar
Rune Brattsveen på Commons

AktivEndra

Brattsveen debuterte i verdscupen i skiskyting i desember 2007 i finske Kontiolahti, og imponerte ved å verte nummer ni på sprintdistansen og fem på jaktstarten dagen etter. Femteplassen skulle vise seg å verte hans aller beste individuelle plassering i verdscupen, men i stafett fekk han vere med på triumfar i Ruhpolding i januar 208 og i Hochfilzen i desember 2011.

Under VM i skiskyting 2008 i Östersund gjekk Brattsveen den andre etappen på det norske laget som tok sølv i 4 x 7,5 km stafett og vart nummer 11 i fellesstarten. Fire år seinare fekk han gå den andre etappen i 4 x 7,5 km stafett for Noreg i VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding. Saman med Ole Einar Bjørndalen, Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen vart han verdsmeister, eit halv minutt framom Frankrike sitt mannskap. Seinare i 2012 vann Brattsveen fellesstarten og fekk bronsen i 20 km då noregsmeisterskapen 2012 fann stad i Saupstad ved Trondheim, hans einaste individuelle NM-medaljar.

Brattsveen la opp etter 2014-sesongen, etter lengre tids sjukdom.

KjelderEndra