Rune Gerhardsen
norsk politikar
Rune Gerhardsen (13. juni 1946–4. september 2021) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var son av tidlegare statsminister Einar Gerhardsen, og bror av Truls Gerhardsen og Torgunn Lieungh.
Rune Gerhardsen | |||
| |||
Fødd | 13. juni 1946 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 4. september 2021 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, samfunnsøkonom | ||
Utdanna ved | Oslo katedralskole | ||
Mor | Werna Gerhardsen | ||
Far | Einar Gerhardsen | ||
Ektefelle | Tove Strand | ||
Barn | Mina Gerhardsen, Marte Gerhardsen | ||
Alle verv |
Gerhardsen var i fleire år aktiv i lokalpolitikken i Oslo, der han var medlem av Oslo bystyre i periodane 1988–1999 og 2003–2019 og var byrådsleiar frå 1992 til 1997. I 1991 gav han ut boka Snillisme på norsk, der han delte synspunkt på samfunnsmoral og det personlege ansvaret til den enkelte, og tok eit oppgjer med delar av den norske velferdsstaten.
I 2019 gjorde Gerhardsen det kjent at han hadde fått Alzheimers sjukdom. Han døydde den 4. september 2021.[1]
Bibliografi
endre- Gerhardsen, Rune (1991). Snillisme på norsk. Oslo: Schibsted. ISBN 8251614007. [Tilgjenge for norske IP-adresser / Digital utgåve på bokhylla.no ved Nasjonalbibliotekets nettsider.]
- Gerhardsen, Rune (2002). Du er faren min likevel. Aschehoug. ISBN 9788203228155.
Kjelder
endre- ↑ «Tidligere byrådsleder Rune Gerhardsen er død». TV2. 4. september 2021. Henta 6. september 2021.