Marte Gerhardsen

norsk embedsperson

Marte Gerhardsen (fødd 21. juli 1972 i Oslo) er ein norsk statsvitar og politikar, som frå 2019 har vore direktør for Utdanningsetaten i Oslo kommune. I februar 2025 sa ho at ho ikkje ville søke stillinga på nytt når åremålet hennar tek slutt etter seks år.[1]

Marte Gerhardsen

Fødd21. juli 1972 (52 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkediplomat, statsvitar, politikar
Utdanna vedLondon School of Economics
Universitetet i Oslo
MorTove Strand
FarRune Gerhardsen
EktefelleErik Dugstad
Alle verv
  • statssekretær (2025–) Sjå dette på Wikidata

Gerhardsen har bakgrunn i både politikk og bistand. I ungdomsåra var ho aktiv i Arbeidarpartiet og var på midten av 1990-åra leiar for AUF i Oslo. Fram til 2008 arbeidde ho i Utanriksdepartementet (1999–2007), etter å ha fullført Utanriksdepartementets aspirantkurs.

Ho arbeidde som divisjonsdirektør i DNB frå 2011 til 2014 og var før dette generalsekretær i hjelpeorganisasjonen CARE i perioden 2008 til 2010. I 2014 vart ho dagleg leiar i Tankesmien Agenda.[2][3]

Familie

endre

Ho er gift med økonom og arbeidarpartipolitikar Erik Dugstad og har to barn. Gerhardsen er dotter av politikarane Rune Gerhardsen og Tove Strand.

Kjelder

endre
  1. «Gir seg som toppsjef: Særlig tre ting bekymrer henne i Oslo-skolen.», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 12. februar 2025, henta 22. februar 2025, «Marte Gerhardsen har sittet seks år på åremål som utdanningsdirektør for Oslo-skolen med ansvar for 19.000 ansatte og over 90.000 elever. Åremålsperioden i etaten er på seks år og kan gjentas én gang for én person i samme stilling.» 
  2. «Marte Gerhardsen blir Agenda-leder». 18. mars 2014. 
  3. «Hun skal konkurrere med Civita og Clemet». 18. mars 2014.