Karl Rune Larsson (17. juni 192417. september 2016) var ein svensk friidrettsutøvar frå Järfälla kommun som jamnast tevla i 400 meter hekk. Han vann i 1948 bronsemedaljar i 400 m hekk og i 4 x 400 m stafett under Sommar-OL i London. Elles vann han i 1946 EM-bronsen i 400 m hekk og i 1950 ein EM-bronse i 4 x 400 m stafett.

Rune Larsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 17. juni 1924
Stockholm
Død

17. september 2016 (92 år)
Stockholm

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1948, Sommar-OL 1952

Aktiv endre

Rune Larsson sprang inn til bronse i 400 meter hekk under europameisterskapen 1946 i Oslo, høvesvis tre og ein tidels sekund bakom gullvinnar Bertel Storskrubb frå [[Finland]9 og sin eigen landsmann Sixten Larsson.

Under dei olympiske sommarleikane 1948 i London sette Rune Larsson i sitt semifinaleløp svensk rekord med tida 51,9 sekundar, hans livs beste løp i øvinga. I sjølve finalen vart han klokka inn på 52,2 sekundar og tok bronsen, slått med 1,1 sekund av gullvinnaren frå USA. Nokre dagar seinare kvalifiserte han seg til semifinalane på 400 meter, men deltok ikkje. Ei veke etter hekkebronsen fekk Larsson som ankermann gleda med å springe Sverige inn til bronsemedalje i 4 x 400 meter stafett, resten av mannskapet bestod av Kurt Lundquist, Lars-Erik Wolfbrandt og Folke Alnevik.

I 1950 vann Larsson ein ny stafettmedalje i bronse ved Friidretts-EM i Brussel, der han tok seg av den andre etappen i 4 x 400 meter. Korkje i Brussel-EM 1950 og i Sommar-OL 1952 i Helsinki makta Larsson å ta seg vidare frå semifinalane i 400 meter hekk.

Larsson vart svensk meister på langhekken seks år i rad; 1946-51. Åra 1947 og 1948 vann han også 400-meteren. I 1948 sette han personleg rekord på 400 meter med 47,9 sekundar.

Larsson vart elles tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for året 1951 "för avgörande insats i landskampen mot Frankrike".

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1946 i Oslo: Bronsemedalje på 400 m hekk – 52,5
  • OL 1948 i London: Bronsemedalje på 400 m hekk – 52,2 og i 4 x 400 m stafett (3.16,8). Nr 12 på 400 m (48,8 i kvartfinalane)
  • EM 1950 i Brussel: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (53,6=nr 8). Bronsemedalje i 4 x 400 m stafett (3.11,6)
  • OL 1952 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (53,9=nr 12) og i 4 x 400 m stafett (3.13,4=nr 8)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre