59°54′46.368″N 10°43′35.080″E / 59.91288000°N 10.72641111°E / 59.91288000; 10.72641111

Rundkøyringa der fleire gater møtast. Trikken har kome frå Henrik Ibsens gate og skal nedover Stortingsgata. Bygningen til Nationaltheatret til venstre, hovudinngangen er frå den motsette sida.

Ruseløkkveien er ei gate i Oslo som går i sørvestleg lei ned til Munkedamsveien frå ei etter måten stor rundkøyring rett nedafor Abelhaugen i søraustre hjørnet av Slottsparken, der gatene Stortingsgata, Henrik Ibsens gate, Frederiks gate og likeeins Munkedamsveien møtast. På mesteparten av strekninga går Ruseløkkveien og Munkedamsveien parallelt, skilde frå kvarandre med kontor- og forretningsbygningar, og med Ruseløkkveien på eit litt høgare nivå i terrenget enn Munkedamsveien. Oslo Konserthus og Nationaltheatret jarnbanestasjon har på kvar sine stader hovudtilkomst frå Ruseløkkveien.

Ruseløkkveien fylgjer stort sett same traseen i dag som då vegen vart bygd i 1882, men er no oppstykka og utforma på eit vis som gjer at gata ikkje fungerer eller ser ut som ei samanhengande trafikkåre. Namnet har gata etter ei løkke i den tidlegare Bymarka, Ruseløkken, som hadde namnet etter eigaren Lars Ruus (1596-1642). Denne løkka låg rett nedanfor det som no er Abelhaugen i søraustre hjørnet av Slottsparken.

Litteratur endre