Rundkøyring

ein måte å organisere den køyrande trafikken på der to eller fleire vegar møtast eller kryssar kvarandre

Ei rundkøyring er ein måte å organisere den køyrande trafikken på der to eller fleire vegar møtast eller kryssar kvarandre. Ei rundkøyring er oppbygd slik at køyretøya (i land med høgretrafikk) skal køyre på høgre side av ei sentralt plassert trafikkøy (som ikkje treng å vere sirkulær), slik at trafikken går i ei einvegskøyrd gate rundt trafikkøya, og slik at dei som er inne i rundkøyringa har forkøyrsrett i høve til dei som skal inn i rundkøyringa. I land med venstretrafikk, skal trafikken på liknande vis køyre til venstre for trafikkøya.

Rundkøyring på Nylandsveien i Oslo.
Rundkøyring i nærleiken av Nationaltheatret i Oslo, der fleire gater møtast. Her som elles i rundkøyringar der det går trikk, må trikken av forståelege årsaker gå tvers over rundkøyringa.

Rundkøyringar har større trafikkapasitet og gjev ofte meir flyt i trafikken enn lysregulerte vegkryss. Dei er meir sjølvregulerande enn dei lysregulerte kryssa, og har færre alvorlege ulukker enn andre vegkryss. Rundkøyringar er blitt stadig meir populære sidan andre halvdel av 1900-talet, og finst i mange ulike utformingar.

Animasjon som viser trafikk i ei rundkøyring på veg med høgrekøyring.

Skildring endre

Øya i rundkøyringa kan vera ein teikna runding på bakken, men er vanlegvis noko eller mykje bygd opp slik at ein ikkje kan køyra over. I store rundkøyringar kan øya vera så mykje oppbygd at ein ikkje kan sjå over. Rundkøyringar kan ha eitt eller fleire felt. Nokre stader finst det rundkøyringar som fører inn i og ut av særleg store rundkøyringar.

 
Skilting av ei norsk rundkøyring.
 
Skilt for den firkanta rundkøyringa på Carl Berners plass i Oslo.

Trafikkreglar gjeld som vanleg i ei rundkøyring. Skilting ved innkøyringane til rundkøyringa gjev påbod om at rundkøyringa er ein einvegskøyrd forkøyrsveg, og difor at køyretøy som skal inn i rundkøyringa har plikt til å vike for køyretøy som allereie er inni henne. I rundkøyringar med fleire felt, har køyretøyet som skiftar felt vikeplikt for køyretøy i det andre feltet, på same viset som i gater eller på vegar med to eller fleire felt. Det er påbode å gje signal når ein skal ut av rundkøyringa. Ein kan også markera kvar ein skal før ein køyrer inn i rundkøyringa, dersom dette kan vera til hjelp for andre trafikantar.

Bilete endre

Kjelder endre

Sjå òg endre