Det russiske riksvåpenet

(Omdirigert frå Russlands riksvåpen)

Det russiske riksvåpenet kjem opphavleg frå det gamle russiske imperiet og vart teke i bruk att i 2000, etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing på byrjinga av 1990-åra. Riksvåpenet er eit raudt skjold med ei gullfarga dobbeltørn som held eit septer og eit rikseple; på brystet eit mindre skjold som viser St. Georg på hest i kamp med draken. Både den doble ørna og St. Georg har lange tradisjonar som russiske symbol.

Riksvåpenet åt Russland. Teke i bruk 20. desember i 2000 med den føderale grunnlova.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«Russland – flagg og våpen» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  • gov.ru: Om riksvåpenet i den føderale grunnlova (på russisk).
  • gov.ru: Det offisielle riksvåpenet i gif-format.