Dobbeltørn
Dobbeltørn er ein allegorisk, grafisk og heraldisk figur av ei stilisert ørn med to hovud på kvar sin hals på same kropp, med ei venge til kvar side, eit bein til kvar side og med halefjør rett ned.


Dobbeltørn eller liknande fuglefigurar med to hovud og venger til sidene finst på gjenstandar frå hettittane og kulturar i Midtausten, frå antikken og frå førkolumbiske Amerika. Det er teoriar om at figuren kan ha symbolisert ein altsjåande guddom, fordi han har fire auge og kan fly over menneska. Dobbeltørna skal ha vore brukt som symbol for den romerske guden Jupiter.
Frå seinmellomalderen har figuren vore brukt som symbol på ein keisar. Han er brukt i våpenskjold for tyske, austerrikske og russiske keisarar. Dobbeltørn finst både i offentlege våpen slik som landskapsvåpen, og i private våpen slik som laugsvåpen og slektsvåpen frå mange europeiske land. I skomakarlauget i Oslo (Christiania) sitt segl frå 1822 er det ei dobbeltørn, og ho finst også på segla til fleire danske skomakarlaug. I norske slektsvåpen er det dobbeltørn i skjoldhovudet til skjoldet til slekta Caspary som innvandra rundt 1850 frå Sveits, medan slekta Lund frå Farsund har ei ørn med to halsar utan hovud i 1. felt av skjoldet. I Italia skal visstnok dobbeltørn i skjoldhovudet symbolisera at personen eller slekta var tilhengar av den tysk-romerske keisaren.
Dobbeltørn blir òg brukt som symbol for den ortodokse kyrkja.
Døme på bruk av dobbeltørnEndra
Emblem for det palaiologiske dynastiet og Det bysantinske keisarriket
Våpenskjold for Den tysk-romerske keisaren frå Huset Habsburg
Riksvåpen for Keisardømet Austerrike
Riksvåpen for Det tyske forbund
Riksvåpen for Det russiske keisardømet
Riksvåpen for Kongeriket Jugoslavia
Riksvåpen for Serbia og Montenegro
Tidlegare riksvåpen for Republika Srpska
Flagg for Den gresk-ortodokse kyrkja
Våpenskjoldet til Lübeck
Våpenskjoldet Velletri
Våpenskjoldet til Beograd
Våpenskjoldet til Bolsward
Våpenskjoldet til Groningen
Våpenskjoldet til Nijmegen
Frimerke med flagget til Den autonome republikken Nord-Epirus, 1913-1914
Flagget til Provinsen Toledo
Våpenskjoldet til Toledo
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Dobbeltørn» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2021.
BakgrunnsstoffEndra
- Litteratur
- Oluf Kolsrud: «Handverkarlags-segl fraa Oslo og Christiania», tidsskriftet St. Hallvard, Oslo 1915
- Hans Cappelen: Norske slektsvåpen, Oslo 1969 (2. opplag Oslo 1976)
- Herman L. Løvenskiold: Heraldisk nøkkel, Oslo 1978
- Harald Nissen og Monica Aase: Segl i Universitetsbiblioteket i Trondheim, (Trondheim 1990)
- Carl-Alexander von Volborth: Alverdens heraldik i farver, Politikens Forlag, København 1972 (omsett av Sven Tito Achen)
- Ottfried Neubecker: Heraldik. Kilder, brug, betydning, København 1979 (omsett og omarbeidd for Skandinavia av Nils G. Bartholdy)
- Carl-Alexander von Volborth: Heraldry – Customs, Rules and Styles, Dorset, England 1981