Riksvåpen
Riksvåpen eller statsvåpen er heraldiske våpen for land, i første rekkje sjølvstendige statar eller statsforbund, i vidare tyding også visse undernasjonale område. Som nasjonalflagg har dei ei viktig offisiell stilling som biletlege symbol for landet. Som riks- eller statssymbol har slike våpen rettsleg verna status i ei rekkje land, mellom anna Noreg.
Riksvåpen i dag kan vera heraldiske våpen eller andre slags emblem. Dei blir nytta av styresmakter på mellom anna pengar, pass og andre trykksaker, plakettar og skilt ved offentlege bygg, konsulat og ambassadar. Nokre land har riksvåpenet på flagget sitt, medan andre framstiller flagget i riksvåpenet.
Typar riksvåpen
endreHeraldiske våpen
endreDei fleste noverande riksvåpen byggjer i større eller mindre grad på europeisk heraldikk. Mange gamle riksvåpen (mellom anna det norske og danske) er opphavleg slektsvåpenet til ein konge som fortsette som våpen for området også om nye slekter overtok makta. Dei eldste europeiske våpenmerka, frå 1100-1200-talet, var ikkje-oppdelte skjold med farge og ein eller fleire stiliserte figurar. Frå seinmellomalderen blei det vanleg med skjold oppdelte i fleire felt (unionsvåpen) som stod for fleire landområde underlagt same fyrsten. På dei oppdelte skjolda kunne det setjast mindre hjarteskjold med slektsvåpenet til fyrsten. Rundt skjoldet blei det etter kvart plassert tilleggsfigurar som skjoldhaldarar, hjelmteikn, banner, kongekrone, våpenkappe og anna. På skjoldet kan ein også plassera nasjonale ordenar og ulike symbol, til dømes for fred eller siger eller andet sjølv. Riksvåpen kan også ha tekst, til dømes nasjonale motto eller namnet på landet.
Nyare riksvåpen er ofte utforma etter mønster frå dei eldre utan å ha den same historiske framvoksteren. Tidlegare koloniar har til dømes funne inspirasjon frå europeiske riksvåpen, men laga våpen tilpassa sin kultur og natur.
-
Det sveitsiske riksvåpenet med ein kvit kross er eit typisk døme på eit enklare heraldisk våpen brukt som riksvåpen.
-
Det britiske riksvåpenet med symbola til England, Skottland og Irland og slektsvåpena til den britiske krona.
-
Det tanzanianske riksvåpenet har gjeve dei tradisjonelle heraldiske elementa ei afrikansk utforming.
-
Det meksikanske riksvåpenet har aztekiske røter.
-
Det australske riksvåpenet syner symbola til dei ulike delstatane og to australske nasjonaldyr, kenguruen og emuen.
-
Det israelske riksvåpenet har ein sjuarma lysestake som symboliserer jødedom
Austasiatiske emblem
endreJapanske mon-symbol har ein noko lik historie som heraldiske våpen frå Europa, og har danna utgangspunkt for fleire austasiatiske riksvåpen. Mon var som regel einsfarga og framstilte ein plante eller eit dyr i stilisert form omgjeven av ein sirkel. Riksvåpna til andre asiatiske land er utvikla etter same mønster.
-
Det japanske riksvåpenet er keisaren sitt våpen.
Statssegl
endreStatssegl har opphav i segl brukte til å stadfesta offisielle dokument. Desse er ofte runde og opphavleg einsfarga ettersom dei blei brukte som stempel. Riksvåpen utvikla frå segl kan ofte vera fargelagde versjonar av desse einsfarga segla.
Riksvåpen av sosialistisk type
endreMange riksvåpen er utvikla etter mønster av det sovjetiske riksvåpenet på andre halvdelen av 1900-talet. Dei fleste framstiller eit sirkelforma bilete med landskapsformer, fjell, dalar, vassflate og nesten alltid ei sol som går opp og ei femtakka stjerne. Ofte er det symbol for framsteg, arbeid eller kamp, slik som tannhjul, ulike verktøy eller våpen, omgjevne av ein plantekrans innhylla i eit band, der ein ofte finn det nasjonale mottoet. Etter at Sovjetunionen braut saman blei mange av desse våpna bytta ut med andre våpen.
-
Det sovjetiske riksvåpenet frå 1923
-
Det italienske riksvåpenet frå 1948
-
Det kinesiske riksvåpenet kombinerer den austasiatiske sirkelforma med eit sosialistisk våpenmotiv.
-
Det makedonske riksvåpenet frå 1946
-
Det nepalske riksvåpenet frå 2006
Statsemblem
endreAndre statssymbol som ikkje byggjer på skjold eller segl kan vera utvikla frå merke eller særskilde statlege symbol, eller dei kan ha funne inspirasjon frå fleire tradisjonar.
-
Det franske riksvåpenet er utprega republikansk og er reinska for tidlegare kongelege symbol.
-
Det indiske riksvåpenet byggjer på eit nasjonalt symbol, asjokasøylen.
-
Det iranske riksvåpenet er eit svært enkelt symbol som kan lesast som «Allah»
-
Det tyrkiske riksvåpenet er eit enkelt våpen med den muslimske stjerna og halvmånen.
-
Det turkmenske riksvåpenet har form som ei stjerne og inneheld ulike nasjonale symbol i sirklar.
Nordiske riksvåpen
endreDei fleste riksvåpna i Norden er svært gamle kongevåpen. Det danske riksvåpenet stammar frå 1100-talet, og er blant dei eldste kontinuerleg brukte i verda. Det norske er frå 1200-talet. Det svenske riksvåpenet med tre kroner er frå 1364. Dei skandinaviske riksvåpna finst i stor kongeleg og mindre, «vanleg» utgåve. Det finske riksvåpenet stammar frå 1500-talet, men skil seg frå dei skandinaviske ved ikkje å ha kongekrone ettersom Finland er republikk. Det islandske riksvåpenet blei nyutforma på 1900-talet.
-
Det danske kongevåpenet
-
Det norske kongevåpenet
-
Det vesle svenske riksvåpenet
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endreLitteratur
Norge
- Heraldisk Tidsskrift, utgis i København og har en rekke artikler om det norske riksvåpenet, de andre skandinaviske og mange andre riksvåpen
- Gustav Storm: Norges gamle Vaaben, Farver og Flag, Kristiania 1894
- Chr. Brinchmann: Norske konge-sigiller og andre fyrste-sigiller fra middelalderen, Kristiania 1924
- Hallvard Trætteberg: «Norges statssymboler inntil 1814», Historisk Tidsskrift, bind 29 hefte 8 og 9, Oslo 1933
- Hallvard Trætteberg: «Statens forhold til heraldikken i Norge», Meddelanden från Riksheraldikerämbetet, bind 7, Stockholm 1938
- Hallvard Trætteberg: «The Coat of Arms of Norway», The American-Scandinavian Review, June 1964
- Hans Cappelen: «Norge i 1905: Gammelt riksvåpen og nytt kongevåpen», Heraldisk Tidsskrift, bind 10 nr 94, København oktober 2006
Andre land
- Carl-Alexander von Volborth: Alverdens heraldik i farver, Politikens Forlag, København 1972 (omsett av Sven Tito Achen)
- Carl-Alexander von Volborth: Heraldry of the World, London 1975
- Ottfried Neubecker: Heraldik. Kilder, brug, betydning, København 1979 (omsett og bearbeidd for Skandinavia av Nils G. Bartholdy)
- Carl-Alexander von Volborth: Heraldry - Customs, Rules and Styles, Dorset 1981
- E. Svane: Det danske Rigsvåben og Kongevåben, Odense 1994
- Flagg og riksvåpen, (Teknologisk Forlag), Oslo 1998
Kjelder
endre«riksvåpen» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Riksvåpen» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mai 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Statsvapen» frå Wikipedia på svensk, den 8. mai 2011.