Rustam Qosimjonov

Rustam Qosimjonov (usbekisk skrivemåte), namnet ofte skrive Rustam Kasimdzjanov, (fødd 5. desember 1979 i Tasjkent), er ein usbekisk sjakkspelar, stormeister i sjakk og FIDE-verdsmeister i sjakk 2004.

Rustam Qosimjonov

Statsborgarskap Usbekistan
Fødd 5. desember 1979 (44 år)
Tasjkent
Yrke sjakkspelar, faglitterær forfattar
Rustam Qosimjonov på Commons
Kasimdzhanov (1999)

Han blei verdsmeister etter å ha vunne VM i sjakk 2004. Dette var ei svært kontroversiell turnering. Den blei arrangert i Tripoli, hovudstaden i Libya. Problemet var deltaking for dei israelske spelarane, som aldri kom til å vere med på grunn av motstridande opplysningar om visum og andre problem. I solidaritet boikotta fleire stormeistrar turneringa. Andre toppspelarar valde å ikkje delta av andre grunnar. Åtte av dei ti sterkaste spelarane i verda deltok ikkje, av desse dei fem fremste.

Men Qosimjonov spelte ei svært sterk turnering, der han slo ut så sterke spelarar som Vassilij Ivantsjuk, Aleksandr Grisjtsjuk, Veselin Topalov og Michael Adams. Han beheldt VM-tittelen til neste VM i 2005.

I 2005 deltok Qosimjonov i VM i sjakk 2005, ei turnering i San Luis i Argentina mellom 8 spelarar. Denne turneringa vart ingen suksess for Qosimjonov.

I 2007 deltok Qosimjonov i kandidatturneringa som kvalifiserte til deltaking i VM i sjakk 2007, men han blei slått ut i første runde av Boris Gelfand.

Den høgaste ratingen Qosimjonov har hatt var 2706 pr 1. oktober 2001.

Bakgrunnsstoff endre