Norman Russell «Rusty» Young (23. februar 194614. april 2021) var ein USA-amerikansk gitarist, vokalist og låtskrivar, mest kjend som ein av frontmennene i countryrockbandet Poco.

Rusty Young

Fødd23. februar 1946
FødestadLong Beach
Død14. april 2021 (75 år)
FødenamnNorman Russell Young
OpphavUSA
Aktiv1968–2021
Sjangercountryrock
Instrumentgitar
Verka somvokalist, komponist, gitarist

Young var ein virtuos pedalsteelgitarist og han er særleg kjend for å få til ein Hammond B3-orgellyd ut av instrumentet ved å spele det gjennom ein Lesliehøgtalar. Han var òg nyskapande av andre rockelydar frå instrumentet.[1][2]

Young var med å skipe Poco i 1968 i lag med Richie Furay og Jim Messina, etter dei hadde brukt han på balladen «Kind Woman» på det siste albumet til Buffalo Springfield, Last Time Around. Young var det einaste medlemmet som har spelt med Poco heile vegen frå 1968 og fram til 2021.

Kjelder

endre
  1. «Poco - Poco | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. 6. mai 1970. Henta 11. oktober 2020. 
  2. Gressel, Janine. «Poco Plays Pretty Music at Eagles, 3. juli 1969». Seattle Times. 

Bakgrunnsstoff

endre