Ruth Beitia Vila (fødd 1. april 1979) er ein spansk friidrettsutøvar og politikar frå Santander. Beitia, som tevlar i høgdehopp, vart europameister i 2012 og forsvarte meistertittelen i 2014. I den mellomliggande sesongen tok ho bronsemedaljen i øvinga under friidretts-VM i Moskva.

Ruth Beitia


Statsborgarskap Spania
Fødd 1. april 1979 (44 år)
Santander
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

Ordenen for sportsfortjenesters gullmedalje

Hennar personlege rekord er 2,02 meter, oppnådd i San Sebastián i 2007.

Beitia er sidan juni 2011 fyrstesekretær i regionsparlamentet for Cantabria, der ho representerer det konservative partiet Partido Popular (Folkepartiet).

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen som har med Spania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.