Ruth Kasirye
Ruth Kasirye (fødd 10. oktober 1982) er ein norsk-ugandisk vektløftar.
Ruth Kasirye | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. juni 1982 (42 år) Mukono |
Idrett | vektløfting |
Tok del i | Sommar-OL 2008 |
Karriere
endreKasirye blei fødd i Mukono i Uganda, men flytta til Noreg i 1998.[1] Ho er busett i Tønsberg og representerer Tønsberg-Kameratene. Tidlegare representerte Kasirye Trondhjem atletklubb. Ho har studert vernepleie.
Kasirye hadde august 2008 dei norske rekordane i rykk, støyt og samanlagt i 3 vektklassar: 58, 63 og 69 kilo. I 2007 vart ho nummer 9 i VM med 94 kg i rygg, 115 kg i støyt og 209 kilo samanlagt. Kasirye har vunne sølv- og bronsemedalje i EM.
I 2008 kvalifiserte Kasirye seg til OL i Kina. Ho var norsk flaggberar under opningssermonien,[2] og vart nummer 7 i +63 kilosklassen tysdag 12. august 2008.[3]
Personlege rekordar
endre58 kilosklassa | ||||
---|---|---|---|---|
Øving | Tid | Dato | År | Stad |
Rykk | 95 kg | 22.09.2007 | 2007 | Chiang Mai |
Støyt | 117 kg | 18.04.2007 | 2007 | Strasbourg |
Samanlagt | 210 kg | 28. november | 2007 | Strasbourg |
63 kilosklassa | ||||
Øving | Tid | Dato | År | Stad |
Rykk | 101 kg | 23. mars | 2008 | Besancon |
Støyt | 121 kg | 16. april | 2008 | Lignano Sabbiadoro |
Samanlagt | 222 kg | 16. april | 2008 | Lignano Sabbiadoro |
69 kilosklassa | ||||
Øving | Tid | Dato | År | Stad |
Rykk | 98 kg | 9. februar | 2008 | Villeneuve Loubet |
Støyt | 121 kg | 9. februar | 2008 | Villeneuve Loubet |
Samanlagt | 219 kg | 9. februar | 2008 | Villeneuve Loubet |
Kasirye sine personlege rekordar står alle som norske rekordar.[4]
Kjelder
endre- ↑ Black Power. NRK. Vitja 12. august 2008.
- ↑ Ruth Kasirye blir norsk flaggbærer NRK. Vitja 12. august 2008.
- ↑ Ruth Kasirye nummer sju Arkivert 2008-08-14 ved Wayback Machine. Nettavisen. Vitja 12. august 2008.
- ↑ Norske rekorder Arkivert 2008-12-24 ved Wayback Machine. Noregs vektløftarforbund. Vitja 12. august 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Ruth Kasirye» frå Wikipedia på bokmål, den 12. august 2008.