Ryom-Verzeichnis
Ryom-Verzeichnis eller Répertoire des oeuvres d'Antonio Vivaldi (begge ofte forkorta RV) er i dag standardkatalogiseringa av musikken til Antonio Vivaldi skapt av Peter Ryom. Katalogen vert ofte nytta til å identifisere verka til Vivaldi med eit enkelt nummer, til dømes vert konserten La Pastorella kalla RV 95.
Tidlegare katalogar over verka til Vivaldi finst òg. Av desse finn ein Rinaldi (publisert i Roma, 1944) og Pincherle (Paris, 1948). Då ein komplett katalog vart gjort ferdig av Antonio Fanna (Milano, 1968), hadde Ryom alt starta på arbeidet med katalogen sin.
Bakgrunnsstoff
endre- Repertoire des oeuvres d'Antonio Vivaldi, vol. 1: Les Compositions instrumentales av Peter Ryom, review by Eleanor Selfridge-Field in Notes, 2nd Ser., Vol. 45, No. 1 (Sep., 1988), s. 69-72
- Antonio Vivaldi: Thematisch-systematisches Verzeichnis seiner Werke (RV), av Peter Ryom (2007), melding av Eleanor Selfridge-Field (2008) i "Notes", 2nd ser., Vol. 65, No. 2.
- Electronic Ryom-Verzeichnis Arkivert 2013-08-05 ved Wayback Machine. (fransk, men lett å bruke)