Rypebær

Rypebær
Rypebær
Rypebær
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Arbutoideae
Slekt: Arctous
Art: Rypebær A. alpina
Vitskapleg namn
Arctous alpina

Rypebær er ein plante i lyngfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Planten vert kring 5 cm høg, og har tynne sagtagga blad med tydelege nervar. Blada blir sterkt raude om hausten og sit lenge på etter dei er visne. Rypebær har kvit krone og saftige frukter, først grøne, så raude og til slutt glinsande svarte. Planten blømer kring mai månad på rabbar og turr hei, mest til fjells, men og i låglandet. Han veks i alle fjelltrakter i Noreg, og er funnen opp til 1625 m i Jotunheimen.

KjelderEndra

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.