Ryszard Kapuściński

Ryszard Kapuściński (4. mars 193223. januar 2007) var ein polsk journalist og forfattar.

Ryszard Kapuściński
Ryszard Kapuscinski by Kubik 17.05.1997 - cropped.jpg
Fødd 4. mars 1932
Pinsk
Død

23. januar 2007 (74 år)
Warszawa

Yrke journalist, omsetjar, fotograf, skribent, lyrikar, reporter, kommentator
Ryszard Kapuściński på Commons

Kapuściński var i fleire tiår det polske nyheitsbyrået PAP sin korrespondent i ulike verdsdelar. Gjennom lang tid var han den einaste i Polen som rapporterte frå Afrika, der han dekte det som var av viktige hendingar på det vide kontinentet. Lange periodar var han også stasjonert i Latin-Amerika og Asia.

I reportasjebøkene sine blanda Kapuściński skilsetjande hendingar med personlege refleksjonar og stor varheit for detaljar. Den omfattande rapporteringa frå Afrika stadfesta eit stendig sterkare ry, og boka Keiseren om Haile Selassie gjorde han kjend for eit større publikum. Mellom hans seinare arbeid merker Sjahenes sjah og Imperiet seg ut; den fyrste omhandlar Iran før den revolusjonen i 1978-79, den andre tek føre seg oppløysinga av Sovjetunionen.

KjelderEndra