Såna eller Hølenselva er eit vassdrag i Vestby kommune i Akershus. Ho oppstår der fleire mindre bekkar frå Ås og Hobøl renn saman, og går gjennom Såner og Hølen for så å renne ut i Oslofjorden ved Son.

Såna ved «Kulpa» i Hølen sentrum
Såna rett før utløpet i Son hamn

Elva var grunnlag for at Hølen vart ladestad – visstnok den einaste ladestaden som låg inne i landet i Noreg – og dermed òg ein stor del av rikdom til Son i hollendartida.

Etter lang tid med kraftig forureining frå landbruk, søppelfyllingar og kloakken i Hølen har elva vorte reinsa kraftig opp. Det er bygd ein turveg og sykkelsti frå Hølen til Son, og elva er farbar med småbåtar opp til stryka nedanfor Hølen.

Opphavet til namnet er ukjent, men ein meiner at ho har gjeve namn til Son.