Ladestad (bm. ladested) er ei eldre nemning for byar med avgrensa privilegium samanlikna med kjøpstadene. I norsk lovgjeving var det viktigaste praktiske skiljet at ladestadene valde stortingsrepresentantar i lag med dei omkringliggjande landkommunane (herada, medan kjøpstadene valde stortingsrepresentantar for seg. Dette skiljet vart oppheva ved grunnlovsendring i 1952.

Historisk var omgrepet ladestad bruka frå 1500-talet om hamner eller strender der kjøpstadborgarar dreiv regelmessig eksport av trelast. Etter formannskapslovene av 1837 fekk ladestadene høve til å opprette kommunestyre (bystyre), og omgrepet vart etter kvart nytta om byar som stort sett hadde same handelsrettar som kjøpstadene, men som likevel hadde lågare status og prestisje enn ein kjøpstad. I tillegg til kretsinndelinga ved stortingsval låg skilnaden i at ladestadene hadde færre offentlege tenester enn kjøpstadene, og dermed lågare administrasjonsutgifter.

Mot slutten av 1950-åra var det 20 ladestader med eige kommunestyre i Noreg.

Kjelder

endre