Sæbøvik er ein landsby[1] og tettstadHalsnøy i Kvinnherad kommune. Landsbyen er ein av dei eldste bebudde områda i kommunen, med både busetjing og gardsdrift i minst 3000 år. Staden har 529 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Sæbøvik
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvinnherad
Areal 0,66 km²
Folketal 529  (2023)
Folketettleik 802 / km²
Postnummer 5454 SÆBØVIK
Kart
Sæbøvik
59°47′50″N 5°42′41″E / 59.79722222°N 5.71138889°E / 59.79722222; 5.71138889

Historie endre

Ein veit lite om eldre historikk, anna enn at det området som i dag vert rekna som Sæbøvik sentrum låg under vatn fram til kring år 1500 f.kr. Då trakk vatnet seg tilbake, og ein kunne gå tørrskodd mellom det som i dag er ytre og indre Halsnøy. Nokre århundre seinare var det komme gardsbruk på områda, og ein har funne gamle verktøy og graver som tyder på at det var vore særs aktiv drift for si tid. Truleg har det òg vore båtbyggjing frå om lag same tidsperioden.

Ein veit lite om kva som skjedde i perioden fram til år 1500, anna enn at mesteparten av folket på Sæbøvik vart drepne av Mannedauden i 1349-50. Sidan kring 1450 har det vore ført matrikkel for gardane på Sæbøvik, og ut i frå dette kan ein lese at det har vore rikt med folk heilt sidan den gong. På byrjinga av 1900-talet kom industrien til Sæbøvik, med sildefabrikk og båtbyggeri. Sildefabrikken vart nedlagt før tusenårsskiftet, medan båtbyggeriet framleis er i drift, riktignok i mindre skala enn tidlegare.

Det har vore landhandel og bakeri på Sæbøvik sidan 1800-talet, men funn tyder på at Sæbøvik har vore ein marknadsplass i fleire århundre før dette. I dag er det handlesenter med matbutikk, frisør og byggevarehandel, samt eigen leikebutikk, klesbutikk, bensinstasjon og andre ymse bedrifter på staden.

Skule og offentleg endre

Sæbøvik huser Halsnøy sin einaste ungdomsskule, som opna i 1964.[2] Barneskulen Tofte skule, låg på Tofte ved Sæbøvik og husa elevane derifrå, fram til han vart nedlagt i 2011, og elevane flytta til ny storskule på øya.

Forutan ungdomsskule og handlesenter finn ein helsesenter, pleieheim og tannlækjar på Sæbøvik.

Kjende personar frå Sæbøvik endre

  • Tor Bjarne Bjelland, trommeslagar i Trucks er fødd og oppvaksen på Sæbøvik.

Kjelder endre

  • Kvinnheradssoga: Bind 5 - Eid og Fjelberg

Fotnotar endre

  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.