Sète er ein hamneby og kommune sør i Frankrike ved kysten av Middelhavet. Han ligg i departementet Hérault i regionen Languedoc-Roussillon. Byen har om lag 40 000 innbyggjarar.

Sète
Sète sett frå Mont St. Clair
Sète sett frå Mont St. Clair
Sète sett frå Mont St. Clair
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Languedoc-Roussillon
Hérault
Geografi
Flatevidd 24,21 km²
Flatevidd
 - By

24,21 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

39 542
  1 633/km²
Koordinatar 43°24′N 03°41′E / 43.400°N 3.683°E / 43.400; 3.683
Høgd over havet 4 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-sete.fr

Historie endre

Landsbyen som låg her byrja å vekse då kanalen Canal du Midi, som knyter Middelhavet til Atlanterhavet, stod ferdig i 1681. Namnet på byen vart skrive Cette fram til 1927. Uttalen av Cette og Sète er i røynda den same.

Geografi endre

Byen er bygd på og rundt Mont St. Clair, og ligg ved i den søraustlege enden av Étang de Thau, ein lukka saltvassjø som vert nytta til dyrking av østers og muslingar. På den andre sida ligg Middelhavet.

Transport endre

Sète er det austlege utgangspunktet til Canal du Midi, og ligg 25 minutt med tog frå Montpellier.

Bakgrunnsstoff endre