Étang de Thau
Étang de Thau eller Bassin de Thau er den største innsjøen i Occitanie og den tredje største i Frankrike. Han ligg langs Languedoc-Roussillon, den franske kysten frå Rhône til foten av Pyreneane. Neminga étang viser til ein(innsjø eller lagune, og Étang de Thau er den største i området langs Languedoc-Roussillon, den franske kysten frå Rhône til foten av Pyreneane.
Étang de Thau | |||
innsjø | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Høgd over havet | 0 moh. | ||
Lengd | 21 km | ||
Breidd | 8 km | ||
Areal | 70,12 km² | ||
Middeldjupn | 4 m | ||
Største djupn | 30 m | ||
Koordinatar | 43°24′N 03°37′E / 43.400°N 3.617°E | ||
Byar | Marseillan, Mèze, Bouzigues, Balaruc-les-Bains, Sète | ||
Étang de Thau 43°24′36″N 3°37′27″E / 43.41°N 3.6241666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Étang de Thau |
Geografi
endreÉtang de Thau er om lag 21 km lang og 8 km brei med eit areal på 70,12 km². Middeldjupna er 4,5 meter, men i den sentrale kanalen er han nærare 10 meter. Nær Bouzigues er det ei nedsenking med ein diameter på 100 meter og eit djup på 30 meter. Denne Fosse de la Vise er ei varmekjelde som vert nytta av eit kurbad i Balaruc.
Fram til nyleg danna étang -vatna ein samanhengande indre vassveg frå Marseillan til Rhône. Dette gav tilgang til Marseillan, ein fiskelandsby som vart eit handelssenter.
I dag er innsjøen forbunde til elva Rhöne via Canal du Rhône à Sète og av Canal du Midi til Bordeaux via Toulouse. Innsjøen er òg forbunde med Middelhavet ved Sète. Det finst òg ein liten kanal, Le canal des Allemands eller Pisse-Saume, som knyter den vestlege delen til sjøen ved Marseillan. Denne kanalen kan berre nyttast av små fartøy sidan både veg- og jarnbanebrua ligg lågt over vatnet.
Innsjøen ligg mellom landsbyane Sète og Marseillan i Hérault departement og er delt mellom kommunane Balaruc-les-Bains, Balaruc-le-Vieux, Bouzigues, Frontignan, Sète, Marseillan, Mèze og Loupian.
I aust, mellom Balaruc og Sète, ligg det eit industriområde ved innsjøen. Sørsida er forma av kyststripa frå Sète til Cap d'Agde. Nordsida har mange fiskelandsbyar.
Økonomi og naturressursar
endreInnsjøen er forbunde med sjøen og har fisk som dorade (brasme) og ein blømande skalldyrindustri. Det finst 18 forskjellige sortar skaldyr i innsjøen, og den viktigaste er østers. 750 produsentar har 2 750 anlegg som gjev 13 000 tonn østers årleg. Dette er om lag 8,5 % av årsforbruket til heile Frankrike. Østers frå Étang de Thau vert markedsført som huîtres de Bouzigues (Bouzigues-østers) etter landsbyen der østersproduksjonen starta.
I tillegg til østers vert det produsert 3 000 tonn muslingar årleg.
Bortsett frå fiske og skalldyrfiske, er hovudnæringa til området rundt Étang de Thau turisme, særleg i form av segleskular.
Dyreliv
endreBassin de Thau inneheld fleire ville dyr, hovudsakleg fuglar (fiskehegre, flamingo) og sjødyr som manetar, fisk og algar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Étang de Thau» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Thau-fiskeri Arkivert 2009-05-29 ved Wayback Machine.
- Info on Thau og østers