Opna hovudmenyen

Sócrates

brasiliansk fotballspelar
For den greske filosofen, sjå Sokrates.

Sócrates Brasileiro Sampaio de Souza Vieira de Oliveira (19. februar 19544. desember 2011), best kjend som Sócrates, var ein profesjonell fotballspelar frå Brasil. Mellom 1979 og 1986 spela han 60 kampar for det brasilianske landslaget og scora 22 mål. Han deltok i Fotball-VM 1982, då som kaptein, og i Fotball-VM 1986.

Sócrates
Socrates87660.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Sócrates Brasileiro Sampaio de Souza Vieira de Oliveira
Kallenamn Sócrates
Fødd 19. februar 1954
Fødestad Belém
Død 4. desember 2011 (57 år)
Dødsstad São Paulo
Høgd 193 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1974-1978
1978-1984
1984-1985
1986-1987
1988-1989
1989
2004
Brasil Botafogo
Brasil Corinthians
Italia ACF Fiorentina
Brasil Flamengo
Brasil Santos
Brasil Botafogo
Flag of England.svg Garforth Town
57 (24)
297 (172)
25 (6)
20 (5)
5 (2)
0 (0)
1 (0)
Landslag
1979-1986 Brasil Brasil 60 (22)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KarriereEndra

Frå 1979 spela han for Botafogo FC. I Brasil spela han og for Corinthians, Flamengo og Santos. I 1984 - 85 var han med i Fiorentina i Italia.

Sócrates slutta å spele i 1989, men gjorde i 2004 comeback som spelande trenar i det engelske amatørlaget Garforth Town.

Sócrates var busett i Brasil med kone og seks born. Samtidig med den profesjonelle fotballkarrieren var han utdanna lækjar og jobba som dette heime i Brasil. Han skreiv mykje i lokalavisene både om sport, økonomi og politikk. Sócrates døydde etter kort tids sjukdom.

KjelderEndra