Søndeled herad

tidlegare kommune i Aust-Agder fylke i Noreg

Søndeled herad er eit tidlegare herad i Aust-Agder fylke. Heradet grensa til Gjerstad, Sannidal og Skåtøy, Risør bykommune, Dypvåg og Holt og Vegårshei.

Det er føreslått at denne sida blir fletta med Søndeled. (Sjå eventuelt (diskusjon))

Geografi endre

Søndeled herad låg heilt aust i Aust-Agder fylke, på grensa til Telemark. Heradet femna tre fjordar, Sørfjorden, Nordfjorden og Sandnesfjorden. Nordfjorden og Sørfjorden blir kalla Søndeledfjorden. Det største øya er Barmen og liggar midt i Søndeledfjorden.

Namnet Søndeled endre

Namnet Søndeled har opphav som eit fjordnamn og tyder "leia gjennom sunda". Den eldste skrivemåten er ifølgje Oluf Rygh i Norske Gaardnavne anten Sundaleid, Sundaleidr eller Sundaleidi. Professor Rygh meiner at namnet Søndeled eigentleg skal ha vore namnet på fjorden og derifrå over til garden inst i fjorden og kyrkja.

Soga endre

Det har budd folk i Søndeled sidan Noreg blei fri for is.[treng kjelde] Søndeled kyrkje er bygd på 1150-talet. Den eldste garden i Søndeled er garden Søndeled i bygda Søndeled.[treng kjelde] I 1723 blei Øster-Risøer hamn, (på garden Randviks grunn) eigen bykommune. Før 1864 høyrte Lyngør, Risøya i Dypvåg og Gjeving til Søndeled, men blei seinare lagt under Dypvåg herad (No Tvedestrand kommune). 1. Januar 1964 blei Søndeled slege saman med Risør bykommune. Då budde det 3134 i Søndeled herad.

Skular i Søndeled endre

  • Søndeled skule (1-7kl.) - Søndeled skule ligg i bygda og tidlegare administrasjonssentret Søndeled. Rektor ved skulen er Trine Bergum.
  • Hope oppvekstsenter (1-7kl.) - Hope oppvekstsenter ligg bygda Hope sør for Sandnesfjorden. Rektor og leiar ved oppvekstsenteret er Kristin Nielsen Vintermyr.
  • Risør barneskule - (1-7kl.) Risør barneskule ligg på Kjempesteinsmyra på Randvik i Ytre Søndeled. Rektor ved skulen er Erik Hjelmberg.
  • Risør ungdomsskule - (8-10kl.) Risør ungdomsskule ligg på Kjempesteinsmyra på Randvik i Ytre Søndeled. Rektor ved skulen er Anne Synnøve Drage.

Idrett og aktivitet endre

  • Idrettslag - Me har to idrettslag: Idun IL på Søndeled og Hope IL på Hope.
  • Fotball - Me har to fotballag. Eit på Søndeled og eit på Randvik (Risør fotballklubb). Me har au to fotballbanar ein på Vormli på Søndeled og ein på Kjempesteinsmyra på Randvik
  • Handball - Det er berre eit handballag i Søndeled og det er Risør handballklubb.

Folkenamn endre

Folk som bur i heile Søndeled herad heiter søndølingar.

Kjende folk frå Søndeled endre

Avis endre

Aust Agder Blad er lokalavisa for Søndeled. Den går under kallenamnet "Arket".

Bakgrunnsstoff endre

  • Søndeledboka bind 1,2 og 3.