Vegårshei kommune

kommune i Noreg

Vegårshei kommune er ein kommune i Agder fylke. Han grensar til Nissedal i Vestfold og Telemark fylke i nord, til Gjerstad i nordaust, Risør i søraust, Tvedestrand i sør og Åmli i nord. Vegårshei har spreidd busetnad, med éin skule og éit tettstad og administrasjonssenter, Myra. Det bur rundt 1900 menneske på Vegårshei og dei fleste av desse bur i Myra.

Vegårshei kommune
kommune
Vegaar2.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Myra
Areal 356 km²
 - land 322 km²
 - vatn 34 km²
Folketal 2 097 (1. januar 2020)
Målform nøytral
Ordførar Kjetil Torp (KrF)
Kommunenr. 4212

Vegårshei
58°46′32″ N 8°49′56″ E
NO 4212 Vegårshei.svg
Wikimedia Commons: Vegårshei
Nettstad: www.vegarshei.kommune.no

GeografiEndra

 
Innsjøen Vegår

Vegårshei kommune ligg heilt aust i Indre Agder. Det er ein typisk innlandskommune, med skogdekte åsar og fjell. Det største fjellet i Vegårshei kommune heiter Hovdefjell og ligg heit sørvest i kommunen, på grensa til Åmli. Det nest høgaste fjellet heiter Grønfjell, og ligg heilt nord, på grensa til Nissedal i Telemark.

Soga om kommunenamn og folkenamn på VegårsheiEndra

Namnet Vegårshei kjem i fylgje professor Oluf Rygh frå det gamalnorske vegir som betyr vèd. Det skal fyrst blitt brukt ved sjøen og så innover landet. Ein tradisjon på Vegårshei er at namnet kjem frå garden Vegard (no Mo). Det skal det ha vore eit heilagt som vikingane ofra til. Namnet Lunden (Lonnen) finnast enno. Vegard skal ha gitt namn til fjorden Vegår og Vegårshei. Folk som kjem frå Vegårshei vert kalla vegårsheiing.

Kommunevåpen og blomEndra

Kommunevåpenet til Vegårshei viser ein sitjande sølvrev på raud botn. Motivet vart valt fordi det har vore mykje rev på Vegårshei og fordi det har vore mange revegardar i nesten alle krinsane på Vegårshei. Kommuneblomen er den gule nykelrosa.

VegårvassdragetEndra

Vegårsvassdraget har utspring ved grensa til Telemark fylke. Det drenerer omkring 550 km2 i kommunane Vegårshei, Tvedestrand, Gjerstad, Risør, Åmli, Arendal, Froland og Nissedal. Den største av elvane er Storelva, som går frå Vegår til Songevann i Tvedestrand.

SkulenEndra

Vegårshei har ein skule, Vegårshei skule. På skulen går det elevar frå 1-10 klasse. Rektor ved skulen er Odd Arne Eliassen. Alt i 1890-åra fekk alle skulekrinsane i bygda nynorsk som hovudmål. Nynorsken stod veldig sterkt på Vegårshei, heilt til 1980-åra, då det kom mange tilflyttarar som ikkje hadde nynorsk på skulen. På begynninga av år 2000 er det nesten slutt med elevar på Heia som nyttar nynorsk. Skulesentraliseringa på Vegårshei skjedde i 1967, då alle skulane blei sentralisert ned til Myra.

Kjørka og HusetEndra

KjørkaEndra

I Vegårshei kommune er det ei kyrkje Vegårshei kyrkje som ligg på garden Moland, litt nord for Myra. Kyrkja er bygd i 1808 og innvigd i 1810.

Guds menighetEndra

KyrkjegardarEndra

Dei har tre kyrkjegardar, ein på Moland, ein på Espeland og ein på Raudsandmoen. Den på Raudsandmoen høyrer eigentleg til Guds Menighet, men i dei seinare år har au folk frå kyrkja blitt gravlagt her. Guds Menighet eller "Huset" er ei evangelisk luthersk frikyrkje som blei grunnlagt på 1800-talet.

TransportEndra

Sørlandsbanen går igjennom bygda og Vegårshei stasjon ligg nord for Myra. Vegårshei kommune har Togtaxi, for dei som tar toget. Før var Tvedestrand au med på togtaxi, men no er det berre Vegårshei. Det er Vegårshei kommune og Aust Agder fylke, som finansierer. Det einaste passasjerane treng å gjere er å betale rundt 50 kr. Det går au buss frå Vegårshei til Arendal, Tvedestrand, Risør og Gjerstad.

MyraEndra

Myra er Vegårsheis einaste tettstad og ligg midt i bygda. På Myra finn ein kommunehuset «Herredshuset», skulen, Vegårshei skisenter, Spar Vegårshei, Stuten Kafé, Linnea Blomster, Rose dame- og herrefrisør, Esso Vegårshei, Vegårshei barnehagar avd: Myra og Ljøstadsaga barnehage.

AvisaEndra

På Vegårshei er det Tvedestrandsposten som er lokalavisa.

VegårsheimåletEndra

Vegårsheimålet er ein norsk dialekt, som liknar på nynorsk. Ivar Aasen kom aldri til Vegårshei, men han var i Gjerstad, Søndeled, Holt og Åmli. Av dei andre dialektane rundt i nabo kommunane, liknar målet mest på måla som snakkast i Øvre Gjerstad og Åmli, men au frå Vest Telemark og Setesdal. Det frå Setesdal og Vest Telemark er med orda, ikkje uttalen. Dei fleste ungane i dag, snakkar ei blanding av gamal Vegårsheiing, bokmål og nynorsk.

Vegårshei mållagEndra

Vegårshei mållag er eit lokallag av Noregs mållag. Mållaget har gitt ut bladet De e ogoskli og sidan 1986. Dei har au gitt ut ein kalender med historiske bilete frå bygda, saman med Vegårshei historielag.

AttraksjonarEndra

  • Vegårsheiulven - Ulven blei felt av Nils Bjelland frå Mykland. Ulven blei skoten på Kilsheia 11. januar 1984. Det var Lars Saga som fekk all æra, men det var Nils som skaut den.[treng kjelde] Ulven står i Vegårshei sparebank.
  • Vegårsheidagane - Marknad på Vegårshei, mellom riksveg 414 og det lille raude huset «jordmorboligen».
  • Bakken på Vegårshei - På skianlegget har dei ein slalåmbakke, ein akebakke og ein stor skog.
  • NM 1994 - Vegårshei hadde NM på ski i 1994. Då var kongen au til stades og han fekk smakt elgsuppa til Solbjørg på Kilsloftet.

Kjende folk frå VegårsheiEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.