Søndmørsk Grammatik

Boka Søndmørsk Grammatik eller kortfattet Underretning om Bygdemaalet paa Søndmør er Ivar Aasen sin grammatikk over sunnmørsmålet som han skreiv og gav ut i løpet av nokre få månader våren 1851.

Ivar Aasen hadde da solid erfaring med målføregransking etter å ha gjeve ut Det norske Folkesprogs Grammatik i 1848. Mauritz Aarflot sette idéen i Ivar Aasen da han vitja Åsen-garden den 19. november 1850; den 10. februar 1851 byrja Ivar Aasen å skrive på dømesamlinga, og 24. mai same året gjorde han unna sistekorrekturen.

Boka kom ut i ny utgåve med nokre få rettingar av Sigurd Kolsrud i 1924 som åttande bandet i skriftserien Norske Maalføre.

BakgrunnsstoffEndra