Sørlege Bug
elv i Ukraina
(Omdirigert frå Søndre Buh)
- Denne artikkelen handlar om elva i Ukraina. For elva i Ukraina og Polen, sjå Vestre Bug.
Sørlege Bug, òg kalla Sørlege Buh,[1] (ukrainsk Південний Буг, Pivdennyj Buh: russisk Juzjnij Bug, polsk Boh),[1] er ei elv i Ukraina. Kjelda hennar ligg vest i Ukraina, i Volyn-Podillia-høglandet, kring 145 km frå den polske grensa. Frå her renn ho søraustover til Bugestuaret ved Svartehavet gjennom dei sørlege slettene. Ho er 806 km lang og drenerer eit område på 63 700 km².
Sørlege Bug | |||
Sørlege Buh | |||
elv | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 63 700 km² | ||
Lengd | 806 km | ||
Kjelde | Lviv oblast | ||
Munning | Bugestuaret | ||
Søndre Buh 49°37′53″N 26°25′44″E / 49.6313°N 26.4289°E | |||
Søndre Bug i Ukraina
| |||
Wikimedia Commons: Southern Bug |
Av store byar langs Sørlege Bug finn ein Khmelnytskyj, Vinnytsija, Pervomaisk og Mykolaiv.
Herodotos nemnde elva som Hypanis.[2] Under folkevandringstida var Sørlege Buh ei viktig hindring for alle vandrande folk.
Elva er farbar mange kilometer oppover frå munningen og det ligg fleire elvenamner ved elva, som Voznesensk.
Galleri
endre-
Isdekt Sørlege Bug i Mykolaiv.
-
Ploska munnar ut i Sørlege Bug.
-
Sørlege Bug i Vinnytsia.
-
Ein elvebåt på elva i Vinnytsia (2006).
-
Søndre Buh i nærleiken av Granittstppene i Buh landskapspark.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Encyclopædia Britannica: Southern Buh (River)». Encyclopædia Britannica.
- ↑ The Histories, Herodotus s. 165[daud lenkje]