Sørøyane er ei øygruppe i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Ho omfattar mellom anna øyane Nerlandsøya, Leinøya, Remøya, Bergsøya, Runde og Skorpa og ligg på søre Sunnmøre.

Dei siste tiåra har Sørøyane i stadig større grad vorte eit omgrep som omfattar alle øyane på Ytre Søre Sunnmøre. Det vil seie kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein.[treng kjelde]