Sørarnøy
Sørarnøy er eit fiskevær i Gildeskål kommune i Nordland fylke. Staden ligg på Sørarnøya og har ferjesamband med Sund på fastlandet og Horsdal på Sandhornøya som del av Fv 476. Vegen går vidare over Arnøysundbrua til Nordarnøya.
Sørarnøy | |||
stad | |||
Sørarnøya sett frå fly.
Foto: Lars Røed Hansen | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Gildeskål | ||
Postnummer | 8135 SØRARNØY | ||
![]() Sørarnøy |
Barne- og ungdomsskulen Sørarnøy skole ligg på Sørarnøy og det er daglegvarebutikkar og fiskemottak der. Reiselivssenteret Krokholmen ligg på ein holme like ved.
Sørarnøy har daglege båtanløp med snøggbåtruta Nordlandsekspressen mellom Bodø og Sandnessjøen.
