Opna hovudmenyen

Sørazerisk eller søraserbajdsjansk er eit tyrkisk språk tala nordvest i Iran og i tilgrensande regionar i nabolanda Afghanistan, Irak, Tyrkia og Syria. 16 % av folket i Iran taler sørazersisk – i alt skal nær 13 millionar menneske ha sørazersisk som førstespråk.[1] I Iran blir språket skrive med arabisk skrift; i nabolanda kan språket òg bli skrive med kyrillisk og latinsk alfabet. Nokre vil rekne språket som ein dialekt av aserbajdsjansk, men ISO registrerer nordaserbajdsjansk og søraserbajdsjansk som to åtskilte språk.

Sørazerisk
(Türki)
Andre namn: søraserbajdsjansk
Klassifisering: tyrkisk
  sørtyrkisk
   aserbajdsjansk
Bruk
Tala i: Flag of Iran.svg IranFlag of Afghanistan.svg AfghanistanFlag of Iraq.svg IrakFlag of Turkey.svg TyrkiaFlag of Syria.svg Syria
Sørazerisktalande i alt: 13 000 000
Rangering: Iran, Afghanistan, Irak, Tyrkia, Syria
Språkkodar
ISO 639-3: azb
Aserbajdsjanske språk - blå: nordazerisk, raud:sørazerisk, grøn:salchuq, brun:qashqa'i, lilla: afshari

Iranarar som taler sørazeri kallar ofte språket sitt for «türki» eller «torki», mens dei kallar det offisielle språket i Tyrkia for «İstambuli türki» (anatolisk tyrkisk).

ReferansarEndra