Nordazerisk
(Omdirigert frå Nordaserbajdsjansk)
Nordazerisk eller nordaserbajdsjansk er eit tyrkisk språk som er offisielt språk i Aserbajdsjan og elles blir talt i tilgrensande regionar i nabolanda Armenia, Georgia og Russland . 6,1 millionar aserbajdsjanarar skal ha språket som førstespråk (2001).[1] I Aserbajdsjan blir språket skrive med latinske bokstaver; i nabolanda kan språket òg bli skrive med kyrillisk skrift.
Nordazerisk Azerbaijan, Azerbaydzhani, Azeri Turk | ||
Andre namn | nordaserbajdsjansk | |
Klassifisering | tyrkisk sørtyrkisk aserbajdsjansk | |
Bruk | ||
Tala i | Aserbajdsjan Armenia Georgia Russland | |
Nordazerisktalande i alt | 7 500 000 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | azj |
Nokre vil rekne språket som ein dialekt av aserbajdsjansk, men ISO registerer søraserbajdsjansk og nordaserbajdsjansk som to atskilte språk. Talarane av dei to språktypane er rekna som éi etnisk gruppe.
Dei som brukar språket, kan kalle det for «Azərbaycan Türkcəsi» (aserbajdsjansk tyrkisk).