Søre Ryfylke prosti

Søre Ryfylke prosti var eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja, med prostesete på Tau i Ryfylke.

Historikk endre

Søre Ryfylke går tilbake til 1924, då Stavanger prosti vart delt i to. Byen Stavanger danna Stavanger domprosti, mens landsoknene vart skilde ut til Hetland prosti som omfatta:

I 1967 vart Hetland sokn flytta til Stavanger domprosti, mens Riska vart overført til Jæren prosti.[1]

I 1988 vart Høle, Randaberg og Kvitsøy flytta til Jæren prosti.[2] Same år vart sokna Sjernarøy, Hjelmeland, Årdal og Fister tilførte frå Ryfylke (seinare Nordre Ryfylke) prosti.[3]

Trass i at sjølve soknet Hetland vart flytt frå prostiet vart det likevel behalde som prostinamn inntil 1989, då det vart skifta til Søre Ryfylke. I 2006 vart Hauske, Sørbø, Mosterøy, Hesby, Talgje og Sjernarøy overflytta til Tungenes prosti. I 2013 vart dei to prostia Søre og Nordre Ryfylke slegne saman til eit nytt Ryfylke prosti.

Kjelder endre

Sjå òg endre