Hesby sokn er eit sokn i Finnøy kommune i Ryfylke, med 1 763 innbyggjarar (2013) og eit areal på 25 km². Det femnar om Finnøy, den folkerikaste øya i kommunen med tettstaden Judaberg, og nokre inntilliggande øyar og holmar.

Hesby kyrkje

Tidlegare femna soknet òg om nordre delen av øya Fogn, men den soknar no heilt til Talgje. Frå 1997 har soknet høyrt til Tungenes prosti.

Kjelder

endre