Søren Andreas Lund (5. februar 185716. november 1936) var ein norsk ingeniør frå Oslo.

Søren Lund
Fødd 5. februar 1857
Død

16. november 1936

Yrke bygningsingeniør
Norddalsbrua på Ofotbanen var i bruk 1902-1988

Lund vart uteksaminert frå Trondheims tekniske skole i 1876 og studerte 1877–78 ved den tekniske høgskulen i Hannover. Han arbeidde frå 1876 til 1891 i vegvesenet, den siste tida som sjef for ingeniør-avdelinga. Frå 1891 var han tilsett på brukontoret til Norges statsbaner (NSB), fyrst som inspektør og sidan 1898 som leiar. Han hadde då ansvar for fleire viktige brubyggingar, mellom dei brua over NorddalsendenOfotbanen, steinbruene på Bergensbanen og Haugsfossbrua over Glomma ved Elverum.

Lund var elles i to år redaktør for 'Teknisk ugeblad', nestformann i Polyteknisk Forening og formann i Jernbanernes tekniske forening. Frå 1897 var han formann i den norske avdelinga av det internasjonale forbundet for materialprøving og deltok fleire gongar på kongressane til forbundet.

KjelderEndra

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957