Noregs statsbaner

(Omdirigert frå Norges statsbaner)

Noregs statsbaner eller Norges Statsbaner (NSB), også omtalt som Statsbanene, var frå 1883 til 1996 ei norsk forvaltingsbedrift som bygde og dreiv jernbaner i Noreg. 1. desember 1996 vart trafikkdelen av selskapet vidareført i særlovselskapet NSB BA, medan infrastrukturdelen vart vidareført i forvaltingsorganet Jernbaneverket.

Noregs statsbaner
Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.971033533
Skipa1883
Etterfylgjar(ar)Vy, Jernbaneverket, Statens jernbanetilsyn
MorselskapSamferdsledepartementet, Arbeidsdepartementet, Indredepartementet
DotterselskapTinnoset-Porsgrunnbanen
HovudkontorOslo
LandNoreg
Lokaltoget NSB type 69 møter regiontoget NSB type 73 ved Nelaug stasjon.
NSB El 18 med ekspresstoget på Bergensbanen.
lokaltoga frå Stavanger og Egersund møtest ved Sandnes stasjon.

NSB var eigd av den norske staten ved Samferdsledepartementet. Frå april 2019 endra NSB og Nettbuss namn til Vy.

Historie endre

NSB vart oppretta i 1883 som eit forvaltningføretak. Før den tida hadde den norske jarnbanen vore driven av ulike føretak, som i nokre tilfelle var utanlandske.

Endringar endre

NSB gjekk gjennom store endringar i 1996, då NSB vart delt opp i NSB BA og Jarnbaneverket. Dette førte mellom anna til at Jarnbaneverket fekk ansvaret for infrastrukturen, medan NSB BA heldt fram med på vere trafikkoperatør. Godstrafikkdelen til NSB vart skild ut under namnet NSB Gods AS. Før dette hadde jarnbaneforvaltninga i Noreg vore uendra i fleire tiår og NSB hadde hatt alt ansvaret for drift, materiell, stasjonar og anna infrastruktur.

Året 2002 var i likskap med 1996 eit lite vendepunkt for NSB, då føretaket 1. juli vart omforma til aksjeselskap. Same året vart teknisk vedlikehald skild ut til eit eige aksjeselskap, det same med ekspressgodsdelen. NSB Gods vart eit eige aksjeselskap under namnet CargoNet.

Frå april 2017 vart alle persontoga som NSB eigde (med nokre få unnatak) overteke av det statseigde aksjeselskapet Norske Tog AS, som vart skild ut frå NSB-konsernet. Denne ordninga var ein konsekvens av den såkalla jarnbanereforma, som går ut på å privatisere jarnbanedrifta i Noreg. Selskapet Norske tog skal leige ut persontog på like vilkår til dei jarnbanselskapa som vinn anbodskonkurransar for å drive persontransport på linenettet i Noreg. NSB må såleis leige toga sine frå selskapet Norske Tog for dei linene NSB får høve til å drive persontrafikk på. Selskapet Norske Tog skal òg vere dei som har ekspertisen på jarnbanekjøretøy som kan nyttast på det norske linenettet, skal hjelpe togselskapa i tekniske spørsmål, og forvalte eit lager av naudsynte ting som operatørane kan leige når dei treng det.

Frå april 2019 endra NSB og Nettbuss namn til Vy.

Omdøme endre

NSB opplevde mykje motgang i løpet av dei første åra i det nye årtusenet. Åstaulykka, mangel på lokførarar, hyppige forseinkingar og leverandørane sine problem med det nye togmaterialet gav selskapet eit dårleg omdøme. Men betre tider fylgde, og selskapet er no på god veg til å bygge opp att tilliten hjå kundane og i samfunnet generelt.

BI si årlege rangering av kor nøgde kundane er med norske føretak,[1] vart NSB plassert som nr. 97 i 2006, opp frå ein 132. plass i 2005 og 135. plass i 2004.

Heil-/deleigde dotterselskap endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Resultater 2006 - tilfredshet Arkivert 2007-08-11 ved Wayback Machine., Norsk kundebarometer.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Noregs statsbaner