Søren Randal

norsk politikar

Søren Olai Hansson Randal (26. januar 190230. november 1973) var ein norsk skulemann og lokalpolitikar for partiet Venstre.

Søren Randal
Fødd26. januar 1902
Død30. november 1973 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Randal voks opp i Eivindvik. Han var ordførar i Gulen kommune i to periodar: 1946 og i 1964 – 67. Han var lærar og skuleinspektør i Gulen, og var leiar av fylkesskulestyret i Sogn og Fjordane og det regionale høgskulestyret. Randal hadde også ei rekkje andre tillitsverv – han var formann i Gulen kraftlag 1949 – 57 samt styremedlem i Vestlandsheimen, Vestlandske Teaterlag og Universitetet i Bergen.

I 1960-åra fekk han i stand ei yrkesfagleg linje i husstell i Eivindvik. Denne vart driven som underavdeling under husstellfagskulen i Førde fram til kring 1972.

Søren Randal vart far til Høgrepolitikaren Håkon Randal.

KjelderEndra