Sørsamisk morfologi

Sørsamisk morfologi, eller bøyingsverket i sørsamisk er ein typisk representant for bøyingsverket i uralske språk. Språket har mange grammatiske kategoriar som blir uttrykt morfologisk, og bøyingsverket er agglutinerande.

Substantiv

endre

Sørsamisk har 8 kasus, 3 grammatiske, 3 lokale og 2 andre adverbiale. Substantivmorfologien er relativt konservativ, t.d. skil sørsamisk mellom akkusativ -m og genitiv -n, denne skilnaden er forsvunne både i nordsamisk (der begge desse kasusa manglar ending) og i finsk, der suffiksa for akkusativ og genitiv har falle saman til -n. Derimot finn vi dei same suffiksa i den andre enden av den uralske språkfamilien akkusativ -m og genitiv -n i mari, og akkusativ -m og genitiv i nenetsisk.


Sørsamiske substantiv kan delast inn i klasser etter kva form stammen har, såkalla stammeklassar. Det grunnleggjande skiljet går mellom likestava og ulikestava substantiv.

Likestava substantiv

endre

Likestava substantiv kan ende på -ie ( guelie «fisk»), på -a (maana «barn»), på -oe (aaltoe «simle») eller på -e (niejte «jente»). Denne vokalen kallast stammevokalen. Stammevokalen gjennomgår ulike endringar for dei ulike kasusendingane.

Stammevokalen er uforandra i nominativ eintal, akkusativ eintal og genitiv eintal. For alle andre enn -e er han også uforandra for nominativ, komitativ og genitiv fleirtal, i desse kasusa fell -e bort. For alle andre kasus i fleirtal, for essiv, og for komitativ eintal, fell alle stammevokalane bort, bortsett frå -oe, som blir redusert til -0. Den siste gruppa av kasus er lokalkasusa illativ, inessiv og elativ eintal, der -oe blir forkorta til -o og dei andre blir forkorta til -e. Unntaket er illativ eintal for -ie-substantiv. Som einaste stammeklasse har -ie-substantiva eit eige kasussuffiks, -an (med omlyd) i illativ eintal, og framfor dette suffikset fell stammevokalen -ie bort. Dette er vist i tabellen under, der = tyder «stammevokalen er uforandra», 0 tyder «stammevokalen er fjerna» og >e, >o tyder «stammevokalen er endra til e, o».

Stammevokal: -ie -a -oe -e
nom sg -0: = = = =
akk sg -m: = = = =
gen sg -n: = = = =
nom pl -h: = = = 0
kom pl -jgujmie = = = 0
gen pl -j: = = = 0
ill sg -an/-se 0 >e >o >e
ine sg -sne >e >e >o >e
ela sg -ste >e >e >o >e
kom sg -ine/jne 0 0 >o 0
ess -ine/jne 0 0 >o 0
akk pl -ide: 0 0 >o 0
ill pl -idee 0 0 >o 0
ine pl -ine 0 0 >o 0
ela pl -ijste 0 0 >o 0


Kasusparadigmet ser dermed slik ut, for dei fire ulike likestava stammeklassetypane (essiv har, som i alle dei samiske språka, ingen eigne fleirtalsformer):

Kasus -ie (sg) -a (sg) -oe (sg) -e (sg) -ie (pl) -a (pl) -oe (pl) -e (pl)
Nom  guelie maana aaltoe nïejte guelieh maanah aaltoeh nïejth
Akk gueliem maanam aaltoem nïejtem guelide maanide aaltojde nïejth
Gen guelien maanan aaltoen nïejten gueliej maanaj aaltoej nïejti
Ill gualan maanese aaltose nïejtese guelide maanide aaltojde nïejtide
Ine guelesne maanesne aaltosne nïejtesne gueline maanine aaltojne nïejtine
Ela gueleste maaneste aaltoste nïejteste guelijste maanijste aaltojste nïejtijste
Kom gueline maanine aaltojne nïejtine gueliejgujmie maanajgujmie aaltoejgujmie nïejtigujmie
Ess gueline maanine aaltojne nïejtine

Ulikestava substantiv

endre

Ulikestava substantiv har tre stavingar i siste takt i nominativ eintal, som t.d. almetje "menneske". Det er mogleg å setje opp fire stammetypar, alt etter korleis nest siste vokal endrar seg viss kasusendinga består av ei staving (som t.d. inessiv -isnie), og ikkje berre ein konsonant (som t.d. for akkusativ -m). Med ei tostava kasusending får ordforma over to stavingar i staden for ei (dvs. (dak-te-re) med ei takt blir til (dak.ta)(ris-nie) med to takter). Dermed blir vokalen i den andre stavinga realisert som ie, a, e eller oe, alt etter stammetype:

Kasus e~ie (sg) e~a (sg) e~e (sg) e~oe (sg) e-ie (pl) e~a (pl) e~e (pl) e~oe (pl)
Nom  gierehtse daktere gaamege gaallohke gierehtsh dakterh gaamegh gaallohkh
Tyding pulk dotter sko skalle - - - -
Akk gierehtsem dakterem gaamegem gaallohkem - - - -
Gen gierehtsen dakteren gaamegen gaallohken gierehtsi dakteri gaamegi gaallohki
Ill gieriehtsasse daktarasse gaamegasse gaalloehkasse gieriehtsidie daktaridie gaamegidie gaalloehkidie
Ine gieriehtsisnie daktarisnie gaamegisnie gaalloehkisnie gieriehtsinie daktarinie gaameginie gaalloehkinie
Ela gieriehtsistie daktaristie gaamegistie gaalloehkistie gieriehtsijstie daktarijstie gaamegijstie gaalloehkijstie
Kom gieriehtsinie daktarinie gaameginie gaalloehkinie gierehtsigujmie dakterigujmie gaamegigujmie gaallohkigujmie
Ess gieriehtsinie daktarinie gaameginie gaalloehkinie

Adjektiv

endre

Sørsamiske adjektiv kan stå framfor og modifisere eit substantiv, som attributt, det kan vere predikativ, eller det kan bli brukt som substantiv. I det første tilfellet har adjektivet ei særskild attributtform. For nokre adjektiv er attributt- og predikativform identiske. I det andre tilfellet har adjektivet ei predikativform. Det er denne forma som står i ordboka, og det er den som dannar utgangspunkt for kasus-, numerus- og gradbøying. I det tredje tilfellet blir adjektivet bøygd som eit substantiv.

Adjektiv med identisk attributt- og predikativform er t.d. røøpses "raud", onne "liten", gieltegs "spanande. Adjektiv med skilde attributt- og predikativformer er t.d. galmes "kald" (attr. galme), garres "hard" (attr garre). Det er ein tendens i språket til at attributtforma tar over som predikativform.

Adjektiv i sørsamisk er relativt dårleg utforska.

Sørsamiske verb blir bøygd i person, tempus, numerus og modus. Verba har dei same stammeklassetypane som substantiva.

Person- og tempusbøying

endre

Tabellane nedanfor viser verbbøying i presens av like- og ulikestava verb [1].

Likestavaverb - presens
IIIIIIIVVVI
ie-verboe-verba-verbe1-verbe2-verbe3-verb
båetedhlaavkodhguarkedhbïejedhgovledhgihtjedh
(oms.)komebadeforståsetjehøyrespørje
Nekt.formbåetiehlaavkoehguarkahbïejhgovlhgihtjh
Person
mannebåatamlaavkoemguarkambïejemgovlemgihtjem
datnebåatahlaavkoehguarkahbïejhgovlhgihtjh
dïhtebåatalååvkeguarkoebeajagovloegihtjie
månnoehbåetienlaavkoenguarkanbiejiengovloengihtjien
dåtnoehbåetedenlaavkodenguarkedenbïejedengovledengihtjeden
dah guaktahbåetiejæganlaavkoejæganguarkajæganbïejijægangovlijægangihtjijægan
mijjiehbåetebelaavkobeguarkebebïejebegovlebegihtjebe
dijjiehbåetedelaavkodeguarkedebïejedegovledegihtjede
dahbåetiehlaavkoehguarkoehbiejiehgovloehgihtjieh

Dei ulikestava verba har ei enklare bøying:

Ulikestava verb - presens
Personsaemiestidhlea
mannesaemestemleam
datnesaemesthleah
dïhtesaemestelea
månnoehsaemiestienlean
dåtnoehsaemiestidienlidien
dah guaktahsaemiestæganlægan
mijjiehsaemiestibielibie
dijjiehsaemiestidielidie
dahsaemiestiehleah

Infinitte former

endre

Infinitte verbformer er former som ikkje blir bøygd i modus, person og tal. Infinitiv er verbet si oppslagsform (det som står i ordboka): Manne sïjhtem åeredh "Eg skal sove". Perfektum partisipp blir brukt om avslutta handling: Mijjeh byöpmedamme "Vi har ete". Tilstandsforma, eller gerundium, fungerer som -ing-forma i engelsk: Manne lim åerieminie, goh tjidtjie bööti "Eg sov då mor kom". Verbgenitiv uttrykker måten noko skjer på, t.d. Aehtjie bööti vaedtsien. "Far kom gåande".

Infinitte verbformer
StammeklasseIIIIIIIVVVIulikest.
Stammetypeie-verboe-verba-verbe1-verbe2-verbe3-verb
Infinitivbåetedhlaavkodhguarkedhbïejedhgovledhgihtjedhsaemiestidh
Perfektum partisippbåatemelååvkemeguarkemebïejemegovlemegihtjemesaemiestamme
Gerundiumbåetieminielaavkoeminieguarkaminiebïejeminiegovleminiegihtjeminiesaemesteminie
Verbgenitivbåetienlaavkoenguarkanbïejengovlengihtjensaemesten

Hjelpeverbet leah

endre

Her er paradigmet for leah «å vere» i presens og preteritum indikativ:

Presens Preteritum
sg. du. pl. sg. du. pl.
1 leam lean libie 1 lim limen limh
2 leah lidien lidie 2 lih liden lidh
3 lea lægan leah 3 lij ligan lin

Nektingsverbet

endre

I sørsamisk, som i dei fleste uralske språk, er nektinga eit verb. Nektingsverbet i sørsamisk blir bøygd i person og tal. På same måten som i lulesamisk, men til skilnad frå nordsamisk og finsk, blir negasjonsverbet også bøygd i tempus:

Presens Preteritum
sg. du. pl. sg. du. pl.
1 im ean ibie 1 idtjim idtjimen idtjimh
2 ih idien idie 2 idtjih idtjiden idtjidh
3 ij eakan eah 3 idtji idtjigan idtjin

Postposisjonar

endre

I tillegg til preposisjonar har sørsamisk også postposisjonar. Postposisjonane tar komplementa sine i genitiv. Nokre av postposisjonane, dei som omhandlar retning og plassering, blir bøygde i lokalkasusa illativ, inessiv og elativ, alt ettersom dei tyder TIL, I/PÅ eller FRÅ. Jf. tabellen nedanfor, der TIL er symbolisert med ->•, I/PÅ med • og FRÅ med •->:

innside utside framfor bak mellom attmed i nærleiken av
->• "ill" sijse gåajkoe uvte duakan giske bealese gietskese
"ine" sisnie luvnie åvtesne dueksesne gaskesne bealesne gietskesne
•-> "ela" sistie luvhtie åvteste duekeste gaskeste bealeste (-)

Litteratur

endre
  • Bergsland, Knut 1946: Røros-lappisk grammatikk : et forsøk på strukturell språkbeskrivelse. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B. Skrifter ; 43. Oslo : Aschehoug.
  • Bergsland, Knut 1982: Sydsamisk grammatikk. Tromsø: Universitetsforlaget.
  • Hasselbrink, Gustav 1981: T1 - Grammatik, Wörterbuch Å - Flytt'edh.
  • Lagercrantz, Eliel 1923: Sprachlehre des Südlappischen : nach der Mundart von Wefsen. Bulletin / Kristiania Etnografiske Museum ; 1

Referansar

endre
  1. Tabellane for verbbøying er henta frå http://oahpa.no/sma/gramm/verb.nob.html

Bakgrunnsstoff

endre