S/2004 S 17
saturnmåne
S/2004 S 17 er ein av månane til Saturn. Han er medlem av Den norrøne gruppa, og er truleg eit objekt som har vorte fanga inn av Saturn. S/2004 S 17 har ein snittradius på kring 2 km.
S/2004 S 17 vart i lag med elleve andre saturnmånar oppdaga 17. desember 2004 av Scott S. Sheppard, David C. Jewitt og Jan T. Kleyna med Subaru-teleskopet på Mauna Kea på Hawaii.
Kjelder
endre- «S/2004 S17: Overview» Arkivert 2013-04-14 ved Wayback Machine. - NASA Solar System Exploration