Dampskipet «Siljan av Helsingborg» var eit svensk handelsfartøy som vart torpedert i Atlanterhavet i 1940 av den tyske ubåten U 46 i 1940; 9 mann miste livet og 18 vart redda.

Historie endre

Siljan var bygd i England i 1920 for skipsreiaren J.W. Tatem i Cardiff og heitte då «Pilton». I 1938 vart skipet kjøpt til Sverige av skipsreiaren H. Lundgren i Helsingborg og høyrde til sidan reiarlaget AB Sigyn under namnet «Siljan». Kaptein Cronberg hadde befalet på «Siljan» frå første til siste reise. Han hadde tidlegare ført S/S Japan; denne blei torpedert den 4. mai 1941 utanfor Vest-Afrika.

Torpederinga endre

«Siljan», som hadde gått utanfor avsperra Skagerrak sidan april, var i september 1940 på reisa frå Cardiff til Lisboa. Då skipet den 26. september var cirka 250 sjømil vest for Irland vart fartøyet torpedert og sokk. Mannskapet gjekk i livbåtane og redda seg frå fartøyet. Det sat ni mann i kvar av dei tre livbåtane. Desse mista seinare kontakten med kvarandre. Livbåten til befalhavaren nådde etter ni døgn inn til Dingle på sørvestkysten av Irland etter ei strabasiøs reise. Livbåten til andrestyrmannen trefte etter seks døgn på den franske fiskekuttaren Auguste Maurice og kunne førast inn til ei fransk hamn. Den tredje livbåten med ni mann ombord, under befaling av førstestyrmannen, høyrde ein ikkje meir frå.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «S/S Siljan» frå Wikipedia på svensk, den 1. januar 2011.
    • Artikkelen oppgav denne kjelda:
      • Axwik, Lundgren, Svensson, Nilsson-Leissner, Sjöwall: Svenskt sjöfolk i krig och fred, Bokförlaget Antiqua, Göteborg 1950.