SATS, tidlegare S.A.T.S som var ei forkorting av Sport Aerobic Trenings Senter, var ei treningssenterkjede i Sverige, Noreg, Finland og Danmark. SATS hadde treningsaktivitetar i form av styrketrening, gruppetrening, sykkel-spinning og personleg trening.

SATS
Org.formAksjeselskap
Org.nr.996739848
Skipa1995
HovudkontorOslo
LandNoreg, Sverige
Nettstadhttp://www.sats.no (norsk), https://www.sats.se/ (svensk)
Sats sitt treningslokale i Kista i Sverige.

SATS vart skripa i Noreg i 1995 og utvida seinare til Sverige, Danmark og Finland. Namnet kom av forkortinga S.A.T.S som står for Sport Aerobic Trenings Senter. SATS bytta eigarar fleire gonger og vart sist ått av danske Tryg. Tryg kjøpte SATS 10. november 2006, og treningssenterkjeden hadde då 200 000 medlemmar fordelt på 100 treningssenter over heile Norden. Innan SATS fanst både senter som vart ått av føretaket sjølv samt nokre som vart drivne av franchisetakarar. SATS omsette for om lag 1,3 milliardar svenske kroner og hadde om lag 4 500 tilsette før dei vart slått saman med ELIXIA og skipa treningssenterkjeda SATS ELIXIA.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre