Syndicat National de l'Édition Phonographique

(Omdirigert frå SNEP)

Syndicat National dei l'Édition Phonographique (norsk omsetjing: nasjonalt syndikat for lydutgjevingar), forkorta SNEP, er eit fransk samvirke beståande av medlemmar frå musikkbransjen i Frankrike. SNEP vart grunnlagt i 1922 og består av 48 medlemsorganisasjonar.[1] Føremålet er å verna interessene til den franske musikkbransjen, på same måte som norske TONO vernar den norske musikkbransjen.

Syndicat National de l'Édition Phonographique
Org.formSamvirke
Skipa5. mai 1922
HovudkontorNeuilly-sur-Seine
LandFrankrike
NykelpersonarPierre Bourgeois
Nettstadhttp://www.snepmusique.com/

SNEP er ansvarleg for å krevja inn og fordela royaltyar og innbetalte avgifter for bruk av musikk- og lydproduksjonar medlemsorganisasjonane i radio, fjernsyn, filmar, sceneproduksjonar og andre plattformer. Samanslutninga jobbar òg for å hindra piratkopiering og ulovleg deling av verka til medlemmane.

Olivier Nussa er styreleiar for SNEP per 2018.[2]

Hitlister og salstrofé endre

SNEP tildeler òg salstrofé i musikkbransjen og utarbeider og publiserer vekentleg offisielle hitlister over dei meste populære singela og musikkalbuma i Frankrike.

I november 1984 starta SNEP med å utarbeida ein topp 50-liste over dei meste selde musikksinglane i landet.[3] Sidan hausten 2002 har dei offisielle listene vore som følgjer:

  • Topp 100 over singlar
  • Topp 150 over musikkalbum selt til full pris
  • Topp 40 over samlealbum
  • Topp 40 over musikkalbum selt til nedsett pris

Før 1984 vart dei franske hitlistene utarbeidd av Institut français d'opinion publique (IFOP).

Kjelder endre

  1. «L'organisation». SNEP. 1. november 2013. Henta 7. desember 2018. 
  2. «AG SNEP : OLIVIER NUSSE PRESIDENT». SNEP. 21. juni 2018. Henta 7. desember 2018. 
  3. «Les Chansons (Chronologie des différents Classements) avec leur particularité». www.infodisc.fr. Henta 7. desember 2018.