Saane (tysk), eller Sarine (fransk) er ei 128 km lang elv i det vestlege Sveits. Ho har eit nedslagsfelt1 892 km². Saane er ei bielv til Aare. Elva har kjelde ovanom Gsteig ved fjellet Sanetschhorn, i den vestlege delen av Berner Oberland. Ho renn først nordover til Gstaad og Saanen, der ho kursar vestovar. Ved Montbovon vender elva atter mot nord og renn gjennom kantonen Fribourg. Ho passerer byane Gruyères og Fribourg før ho munnar ut i Aare, om lag 15 km vest for Bern.

Saane
Sarine
elv
Saane in Freiburg.jpg
Berner Brücke/Pont de Berne over Saane/Sarine, nær Fribourg.
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Nedslagsfelt 1 892 km²
Lengd 128 km
Kjelde Foten av Sanetschhorn
Munning Aare
 - stad vest for Bern
 - koordinatar 46°58′46″ N 7°15′39″ E

Saane
46°58′46″ N 7°15′39″ E
Wikimedia Commons: Saane/Sarine

Elva vert rekna som språkgrensa mellom den tyskspråklege og den franskspråklege delen av Sveits.

KjelderEndra