Saanen
Saanen (fransk Gessenay) er ein kommune i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 6 955 innbyggjarar (2010) og eit areal på 120 km². Kommunesenteret ligg 1014 meter over havet. Han er hovudstad i Obersimmental-Saanen.
Saanen | |||
---|---|---|---|
Landsbyen Gstaad | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Bern | ||
Distrikt | Obersimmental-Saanen | ||
Språk | tysk | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
120,06 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
6 955 57,9 /km² | ||
Koordinatar | 46°29′0″N 7°16′0″E / 46.48333°N 7.26667°E | ||
Høgd over havet | 1014 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 3792 Saanen 3780 Gstaad 3777 Saanenmöser 3778 Schönried | ||
Nettstad: www.saanen.ch |
Kommunen ligg i øvre Sarinedalen. Han består av det økonomiske senteret og setet i distriktet, landsbyen Saanen i tillegg til landsbyane Gstaad, Abländschen, Bissen, Ebnit, Gruben, Grund, Kalberhöni, Saanen, Saanenmöser, Schönried, og Turbach.
Saanen grensar i vest til kantonen Vaud, og i nord til kantonen Fribourg.
Skirennaren Michael von Grünigen er frå landsbyen Schönried i Saanen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Saanen» frå Wikipedia på tysk, den 16. oktober 2011.