Michael von Grünigen

Michael von Grünigen (fødd 11. april 1969) er ein sveitsisk tidlegare alpinist frå landsbyen Schönried i Saanen. Han var i fleire år mellom dei aller fremste storslalåmrennarane i verda, fram til han la opp i 2003. Både i 1997 og 2001 vart han verdsmeister i storslalåm, dessutan vann han to VM-bronsar og ein OL-bronse. Grünigen vann storslalåmcupen i verdscupen både i 1996, 1997, 1999 og 2003. Han sigra i 23 enkeltrenn i verdscupen, storslalåmrenn alle.

Michael von Grünigen
Statsborgarskap Sveits
Fødd 11. april 1969 (55 år)
Schönried
Idrett alpint
Tok del i Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 1998 – Storslalåm menn
Utmerkingar Årets idrettsutøvar i Sveits

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Verdscupsigrar

endre
Dato Stad Land
19. januar 1993 Veysonnaz Sveits
18. desember 1994 Val-d’Isère Frankrike
12. november 1995 Tignes Frankrike
17. november 1995 Vail USA
25. november 1995 Park City i Utah USA
19. januar 1996 Adelboden Sveits
10. februar 1996 Hinterstoder Austerrike
22. desember 1996 Alta Badia Italia
5. januar 1997 Kranjska Gora Slovenia
8. mars 1997 Nagano Japan
15. mars 1997 Vail USA
26. oktober 1997 Tignes Frankrike
Dato Stad Land
14. desember 1997 Val-d’Isère Frankrike
28. februar 1998 Yongpyong Sør-Korea
20. desember 1998 Alta Badia Italia
14. mars 1999 Sierra Nevada i Spania Spania
17. november 2000 Park City USA
17. desember 2000 Val-d’Isère Frankrike
6. januar 2001 Les Arcs Frankrike
10. mars 2002 Flachau Austerrike
22. november 2002 Park City USA
15. desember 2002 Val-d’Isère Frankrike
1. mars 2003 Yongpyong Sør-Korea

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

endre