Sacsayhuamán, i norske tekstar ofte skrive Sacsahuaman, er eit tidlegare festningsverk som ligg kloss inntil byen Cuzco i Peru. Festninga ligg på ei bratt bergklippe som dannar eit naturleg fort og treng murar berre på ei side, i retning nord og vekk frå Cuzco. Murane er bygde av steinblokkar sett saman i sikksakkform og er reist i tre terrassehøgder. Terrassane dannar ein slags fasade mot ei slette. Bygginga vart starta av Pachacútec i 1438 og tok ca. 70 år. Ein rekna at 20 000 menneske arbeidde med festninga. Den handverkmessige standarden på byggarbeidet representerer beste kvalitet av steinarbeid frå inkatida. Festninga har hatt eit religiøst formål i tillegg til det reint militære.

Sacsayhuamán

Kart
Sacsayhuamán
13°30′28″S 71°58′56″W / 13.507778°S 71.982222°W / -13.507778; -71.982222

Storleik og innhald endre

 
Turistar ved Sacsayhuamán.
 
Del av muren i festninga.
Foto: Håkan Svensson

Lengda på muren utvendig er 365 meter. Steinane er av varierande storleik, den største i den nedste veggen er 8,5 meter høg og veg 361 tonn. (Hemming).

Innanfor festninga var det bygningar med plass for 5000 krigarar, lagerhus til mat, brønnar og eit palass for inkaen. Der var bygd to kvadratiske tårn og eit rundt:

  • Muyu Marca var det runde tårnet i sentrum av festninga som ein finn tufta av i dag. Diameteren var om lag 22 meter og høgda svarte til 4 etasjar.
  • Salla Marca var namnet på hovudtårnet med ein kvadratisk eller rektangulær basis og ein sidekant på nær 20 meter. Salla Marca kan ha vore ein sakral stad.
  • Paucar Marca var kvadratisk

Mellom husa og tårna var det eit nett av underjordiske kanalar, mellom anna for å distribuere vatn.

Militær nytte endre

Det finst ingen prov på at Sacsayhuamán hadde noko militær nytte for inkariket. Man kan likevel tenke seg at festninga hadde ei symbolsk kraft. Under det store inkaopprøret i 1536 var festninga sentral i kampane om kontroll av Cuzco. Medan byen var kringsett og åtaket frå styrkane åt marionettinkaen Manco Cápac skjedde, tok dei innfødde festninga. Den spanske løytnantguvernøren Hernando Pizarro skjøna at nøkkelen til å vinne byen låg i å igjenerobre Sacsayhuamán, og det kom då til harde kampar om festninga som varte ca tre veker.

Sacsayhuamán i dag endre

Rundt fire femdelar av murane vart raserte då conquistadorane trong stein til kyrkjebygg i Cuzco på 1500-talet. Men restane som står att syner likevel mykje av dimensjonane og kvaliteten på handverket i murarbeidet.

Festninga og sletta ved festninga vert nytta kvart år i samband med feiringa av vintersolkverv 24. juni i ein festival kalla Inti Raymi-festivalen, som viser eit historisk spel på plassen med profesjonelle og amatørskodespelarar som syner fram nokre tradisjonar frå inkatida. Festivalen gjekk føre seg i inkatida fram til 1535 og vart tatt opp igjen frå 1944. I dag er Inti Raymi i stort monn ei oppvising for celebre gjester og turistar.

Panorama endre

 
 
 
 

Kjelder endre

  • John Hemming, The Conquest of the Incas, Macmillan (1970)
  • Rachowiecki, Rob, Peru, 3. opplag, Lonely Planet (1996)
  • Add Kendall, Everyday Life of the Incas, Batsford ltd, London (1973)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sacsayhuamán