Sad Songs (Say So Much)
Sad Songs (Say So Much) Singel av Elton John frå albumet Breaking Hearts | ||
B-side |
«A Simple Man» | |
---|---|---|
Utgjeve | Mai 1984 | |
Innspelt | Desember 1983 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 4:07 | |
Selskap | Geffen (U.S.) Rocket (UK) | |
Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
Produsent | Chris Thomas | |
Elton John-kronologi | ||
«Cold as Christmas (In the Middle of the Year)» (1983) |
Sad Songs (Say So Much) | «Passengers» (1984)
|
«Sad Songs (Say So Much)» er ein song av Elton John på albumet Breaking Hearts frå 1984. Det er siste song på albumet og vart gjeven ut som singel. Singelen nådde femteplass i USA. Teksten skildrar korleis ein stundom må lytte til gamle bluesklassikarar på radio når ein føler seg nedfor, eller når ein kjæraste har forlate ein.
Musikkvideoen vart filma i ei gate i Rushcutters Bay i Sydney med John der han verken hadde på seg briller eller speler piano.
John spelte songen på One Night Only: The Greatest Hits Live at Madison Square Garden med den kanadiske rockestjerna Bryan Adams.
Medverkande
endre- Elton John: klaverinstrument, solovokal
- Davey Johnstone: gitar, vokal
- Dee Murray: bass, vokal
- Nigel Olsson: trommer, vokal
Lister
endreListe (1984) | Peak position |
---|---|
Austerrike | 4 |
Canada | 4 |
Tyskland | 18 |
New Zealand | 8 |
Sveits | 3 |
Storbritannia | 7 |
USA | 5 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sad Songs (Say So Much)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. desember 2011.